Bestilling av Telenorprofilert tøy med rabatt

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 19. Okt 2025

TIF sin nettbutikk er no open for bestilling av Telenor-profilert tøy. Det er i år ny leverandør og nytt design. TIF har inngått eit samarbeid med IDÉ House of Brands for å tilby eit førsteklasses utvalg av Craft-tøy som kombinerer kvalitet, komfort og stil.

Bestillingsfristen er mandag 27. oktober. Det er ikkje muleg å bestille etter dette. Merk at dette er den einaste mulegheita for å bestille tøy i 2025. Forventa leveringstid er 10-12 veker.

Medlemmar som har betalt kontingent for 2025 får ein rabatt på inntil 50%. ved handel. Maks rabatt er kr 1000,-. Bestillingar som er gitt rabattar til personar som ikkje er registrert som medlemmar blir kansellert eller etterfakturert. 

Om ein ikkje er medlem, men ønsker å bestille utan medlemsrabatten kan ein ta direkte kontakt med IDÉ House of Brands.

Eit lite utvalg fra web-shopen



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.