Telenor Games Pokalen 2025 til B-laget
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 12. Nov 2025
Telenor Games 2024-25 vart avslutta med finale og premieutdeling fredag 24. oktober. Som dei foregåande åra var Rebusløp ein del av finalen. Nytt i år var at det også var lagt inn ein ekstra øvelse, Tipp Vekten, som ein del av finalen. Det gjorde at det var 12 ekstra poeng å kjempe om denne siste kvelden. Totalt kunne ein dermed score heile 32 poeng, noko som betydde at alle laga hadde ein teoretisk mulegheit til å gå til topps. Det viste seg likevel at B-laget igjen gjekk til topps. Til tross for kun 2 poengs forsprang etter 4 øvelsar, vart det med solid innsats siste kvelden ein nokså komfortabel seier, og B-laget kunne igjen heve den gjeve vandrepokalen.
Topp-3 laga i årets Telenor Games sesong. Representantar for B-laget med pokalen til høgre, Team Top Floor (nr 2) og Signaling Storm (nr 3, fortsatt med gullmedaljane fra rebusløpet)
Ei viss spenning var det likevel undervegs da Signalling Storm stilte med nesten fullt lag og sterk innsats i Rebusløpet. Og i Tipp Vekten konkurransen der oppgava var å tippe vekta på eit stort glass fylt med godteri hadde alle like sjansar til å vinne. I denne konkurransen vart det til slutt Aksessalliansen som gjekk til topps. Men også B-laget gjorde det sterkt og sikra dermed samanlagtseieren med god margin.
Med eit avvik på kun 55 gram sikra Aksessalliansen, her ved Geir og Anja, både full poengpott og eit glas fullt av snop.
Litt avvik fra fasiten på 1734 gram for enkelte av laga, men imponerande av Aksessalliansen som kun bomma med 55 gram.
Dette er fjerde år på rad at B-laget vinner pokalen, og spørsmålet alle dei andre laga stiller seg er korleis dei kan klare å stoppe B-laget? Trøsten får vere at det er fine premiar også til nr 2 og 3. Og ikkje minst får eit tilfeldig lag blant dei andre ein like fin premie som vinnarlaget. Ein liten vri på den siste trekninga i år var at antall lodd i trekninga vart vekta med deltakarpoenga ein har samla gjennom sesongen. Dermed fekk dei som har stilt opp jamt og trutt gjennom sesongen ein ekstra sjanse til å vinne. I år var det KonKameratene som vant denne trekninga. Vinnarlaga kan glede seg over gavekort på Lucky Bowl der laga f.eks. samlast for å lade opp til neste sesong.
Oppsummering etter alle øvelsane i Telenor Games 2024-25.Når vi ser på resultata gjennom sesongen, er det ikkje overraskande at B-laget går til topp. Dei scorer jamnt over bra og har sjeldan svake resultat, og har dessutan bra oppmøte som gir mange deltakarpeong. Men det er likevel gledeleg å sjå at mange lag har gått til topps i dei ulike øvelsane gjennom sesongen. Både Aksessalliansen, Signalling Storm og Lag X har vore heilt i toppen i løpet av sesongen.
Årets feiring og premieutdeling skjedde på Peppes Pizza i Bergen sentrum der laga kunne varme seg etter rebusløpet og kose seg med mat og drikke utover kvelden. Med det håper vi alle laga er fornøgd med årets sesong og klare til å bli med også neste sesong!
Ny sesong er planlagt å starte tidleg i 2026. Styret håper at alle blir med vidare, og at vi også klarer å rekruttere nokre nye til å bli med på Telenor Games. Planen er også at fleire av laga skal bidra til å planlegge og gjennomføre nokre av øvelsane i 2026.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Telesport Bergen B.I.L
Kamp mot mørkets krefter i årets Rebusløp
08.11.2025
Ti på Topp 2025 snart i mål
26.10.2025
Sykle til jobben resultater
26.10.2025
Tipp Vekten - Siste øvelse i Telenor Games
21.10.2025