Telesport flyttar til inTel
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 27. Jan 2026
TIF har sagt opp avtalen med idrettenonline fra 1. februar, og Telesport må dermed avslutte bruken av dette systemet som vi har hatt sidan 2018. Det betyr at innholdet på desse websidene vil bli borte.
Medlemsregisteret er alt flytta til NIF sitt system Klubbadmin. Medlemskontingent for 2026 vil derfor bli krevd inn fra det nye systemet. Du administrerer da også medlemskapet ditt fra "Min Idrett". Innmelding i Telesport vil skje på denne sida: https://www.minidrett.no/medlemskap/16838 (eksisterande medlemmar må sjølvsagt ikkje melde seg inn på nytt).
Medlemskommunikasjonen vil i hovudsak bli flytta fra desse websidene på idrettenonline til den Telenor-interne plattformen inTel. Der vil du finne Telesport på denne linken: https://intel.telenor.com/spaces/236427/pages. Ein del av innholdet på desse sidene er flytta over, og meir vil kome etterkvart.
Det er dessverre ikkje muleg å nå desse sidene utan ein "Telenor ansatt-device". Det gjer det dessverre litt meir tungvindt for dei ansatte, og pensjonistmedlemmane vil ikkje nå desse sidene. Vi vil heller ikkje vere synlege for eksterne og potensielle ansatte. Men i første omgang er i alle fall dette alternativet vi har. På lengre sikt vil vi vurdere om nye eksterne sider kan bli aktuelt. For å kompensere for den begrensa tilgangen vil viktig informasjon bli sendt på epost til medlemmane. Vi vil også som før bruke kanalen på Facebook. Og grupper som bruker Spond vil fortsette med det.
Her ser du øverste del av frontida vår på inTel:

Ellers er alt som før og aktivitet for medlemmane står i fokus!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Telesport Bergen B.I.L
Ti på Topp premieutdeling og ny konkurranse
30.11.2025
Telenor Games Pokalen 2025 til B-laget
12.11.2025
Kamp mot mørkets krefter i årets Rebusløp
08.11.2025
Ti på Topp 2025 snart i mål
26.10.2025
Sykle til jobben resultater
26.10.2025