Stoltzen
Stoltzekleiven Opp er eit av dei viktigaste arrangementa for Teleport, og det har dei siste åra blitt ein tradisjon med Stoltzen og After-Stoltz siste helga i september..Vi har normalt vore 30-50 deltakar, nokre år også med deltakarar fra andre lokasjonar. Dei siste åra har vi samla stadig fleire og ambisjonen er å stille med godt over 50 kvart år. Det å møtes på tvers av lokasjonar i Telenor gir ein ekstra dimensjon til arrangementet som gjer det vel verdt å få med seg. Totalt er vi over 150 som har gått Stoltzen gjennom dei siste åra.
Stoltzen er kjent som verdas brattaste løp og er frykta av mange, men "løpet"er likevel ein kort tur som alle kan klare. Nokre går veldig fort, ned mot 10-11 minutt, mens andre har brukt over 40 minutt. Dei fleste ein plass i mellom, og det varierer naturleg nok fra år til år. Det er tungt og bratt og kan vere litt vondt mens det står på, men det går veldig fort over og blir ikkje sittande i kroppen slik som lenger løp kan gjere. Derfor er det for dei fleste ein super opplevelse å tenke tilbake på, og som regel er godfølelsen der etter kort tid når vi samlast til After-Stoltz. Samtidig er det for mange ein fin motivasjon for trening gjennom sommaren og hausten, og eit fint sosialt samlingspunkt både på løpsdagen og fellestreningar i forkant.
På denne sida samlar vi all informasjon og historikk du treng for å kunne bli med Telesport i Stoltzen. Vi vil gjerne ha med flest muleg av våre medlammar! Sjekk også http://stoltzen.no/ for meir generell info om arrangementet.
Blogginnlegg ...

Påmelding til Stoltzen 2025

Gratis kurs i kart og kompass

Holmenkollstafetten 2025

Møt Telesport på Kokstad…

Ti på Topp 2025

Møt Telesport på Kokstad…

Årsmøte og tildeling av…

Ti på Topp 2025

Påmelding til Stoltzen 2025

Gratis kurs i kart og kompass
Arrangementer
lørdag 27. september 2025
Stoltzen og After-Stoltz med Telenor
10:00 Påmelding innen tirsdag 13. mai 2025 22:00
Her melder du deg på Stoltzekleiven opp for Telenor/Telesport.…
Les mer