Kamp mot mørkets krefter i årets Rebusløp

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 8. Nov 2025

Rebusløp eller rebusvandring, dvs ein kombinasjonen av rebusoppgaver og byvandring, har blitt ein tradisjon og har dei siste åra inngått som ein av øvelsane i Telenor Games. Fredag 24. oktober var det igjen klart for rebusløp og deltakarane vart delt inn i 5 lag med inntil 6 deltakarar. Ei spesiell utfordring i år er at arrangementet er lagt så seint på året som slutten av oktober, og ikkje i juni eller august som det har vore tidlegare. Komiteen hadde tenkt gjennom dette og sørga for at alle fekk utdelt Telenor-refleksar ved start (litt click-bait i overskrifta, kanskje...), og at ein varmt lokale venta deltakarane i mål.

Det nærmar seg start og dei fleste er på plass ved Den Blå Steinen. Dei fleste også forberedt på litt regn og haust-temperaturar. Med nye Telenor-refleksar er alle også forberedt på litt mørke utover kvelden.

I det litt sure veret gjekk det ikkje lang tid før laga fant seg ein innandørs serveringsstad som base for løysing av rebusoppgaver. Dei erfarne deltakarane veit at det lønner seg å løyste flest muleg oppgaver før ein begynner å gå rundt i byen for å finne svar på spørsmåla som følger med rebusane. Kartet og kartavgrensinga i oppgava er også til god hjelp!

Dei to første av dei 20 oppgaven viste seg relativt enkle, og alle laga tok turen til Smørsbroen og Telegrafen. Komiteen hadde nok bevisst spart dei vanskelegaste nøttene til etter oppvarminga.

Komiteen hadde i år begrensa området for løysingar til området fra Festplassen og mot Nordnes.

Mens laga var ute i byen og løyste oppgaver jobba komiteen med å få målområdet klart. Arrangørkomiteen hadde i år fått booka eit eige rom hos Peppes Pizza på Ole Bulls Plass. Dermed fekk vi start og mål på same plass, og vi hadde lett tilgang på mat og drikke samtidig som vi kunne gå gjennom oppgaver og dele ut premiar utan å bli forstyrra av andre gjestar.

Når klokka nærma seg 20 begynte laga å finne fram til mål. Som i fjor vart det poengtrekk for kvart 5 minutt forseinka innlevering, og det bidrog nok til at dei fleste laga var på plass i tide. Kanskje litt saman med det litt sure veret? Dei som klarte å løyse alle 20 rebusoppgavene måtte finne ein måte å kome seg rundt til alle måla avmerka i figuren under. Ein må rekne med å gå 4 km for å besøke alle måla, og kanskje meir om ein virrer litt rundt. Så litt fysisk aktivitet blir det sjølv om det ikkje er hovudformålet.

Her er komiteen sitt estimat på optimal løypelengde. Totalt 3.85 km og 62 meter stigning høyres ikkje avskrekkande ut, men i praksis blir det nok litt ekstra for alle.

Etterkvart som svara var levert gjekk komiteen i gang med retting av svara, og det vart også ein gjennomgang av fasit, mens vi venta på matserveringa. Som vanleg vart det diskusjonar om nokre av oppgavene, men juryen vart i år godt forberedt med bildebevis og dokumentasjon av løysingar. Med 20 oppgaver kunne ein i teorien oppnå 40 poeng. Komiteen hadde forsøkt å lage oppgaver slik at dei flieste skulle klare å løyse nokså mange oppgaver samtidig som det skulle vere muleg å skille laga. Det viste seg at vart ganske bra treff, og poengsummane varierte til slutt fra 26 til 33 når også straffepoeng var tatt med. Som nemnt vart det delt inn i 5 lag. Sidan rebusløpet også inngår i Telenor Games vart inndelinga i hovudsak gjort etter Telenor Games, men sidan nokre av laga hadde litt få deltakarar var det nokre lag som vart slått saman i rebusløpet. Likevel vart det gjort på ein slik måte at det fortsatt var ein open kamp i Telenor Games samandraget. Av same grunn er det 8 lag i resultatlista, men resultatpoenga blir utdelt som om det var 5 lag i konkurransen. 

Under ser vi resultata, og det var altså endeleg Signalling Storm som gjekk heilt til topps etter fleire år utanfor pallen. Men i år vant dei med ganske klar margin til B-laget og Kon-KAMeratene som delte andreplassen. Dermed vart det medaljar til Signalling Storm og dei tok med seg full score fra denne øvelsen inn i Telenor Games samandraget. Gratulerer!


Signaling Storm - vinnarlaget i årets Rebusløp. Velfortent medalje til heile laget som denne kvelden bestod av Svein-Magne, Frode, Jarle, Yakup, Frode-Per og Arceli.


Med 9 oppgaver som alle laga klarte fullstendig og 12 rebusar som alle laga løyste, og kun ei oppgave som ingen lag klarte, hadde komiteen også i år truffe ganske bra på vanskelegheitsgraden. Arrangørkomiteen mottok også ein velfortent takk og blomsterbukett fra Telesport som takk for eit flott arrangement og ein fantastisk jobb i forkant og under arrangementet. Stor takk til Beate, Asbjørn, Helge og Anja! 

Arrangørkomiteen


Dette viste seg å bli årets vanskelegaste oppgave. Ingen klarte å kome fram til Strangeplassen 12. Det er nok ikkje mange i Bergen som bruker strange eller vedstrange om ein stamme eller stokk som gjerne blir brukt til ved.

Når det blir ny rebusvandring er ikkje bestemt, men vi håper det blir også neste år! Som annonsert tidlegare er det opent for fleire personar i komiteen, så kan du tenke deg å vere med på å tenke ut oppgaver til neste år, eller bidra med praktiske ting rundt arrangementet, så er det berre å gi beskjed til styret eller ein av dei i komiteen. Og ser det gøy ut å delta, så er det berre å sette av datoen så snart den blir annonsert og melde seg på!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.