Ti på Topp 2025 snart i mål

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 26. Okt 2025

Heilt sidan mai har omkring 30 medlemmar brukt Ti-på-Topp appen til å registrere fjellturar i Bergen. Mange hundre turar er gått og ganske mange har også besøkt alle eller nesten alle av dei 18 turmåla. No er det berre i knapp veke igjen av årets sesong. På fredag 31.10. er siste frist for å registrere sine turar.


Vermeldingane framover ser ganske bra ut, og haustlufta er ofte den beste. Så benytt gjerne sjansen til ein trimtur eller å oppleve eit nytt turmål også denne veka. Men ver obs på at det blir fort mørkt på kveldane. Ta med ei lykt for sikkerheits skuld.Nokre var også så heldige å vinne hodelykter i vår. Ifm styret sin stand på Kokstad i slutten av april trekte vi to vinnarar blant deltakarane i Ti-på-Topp Vinter. Også i gratislotteriet blant alle som besøkte standen lodda vi ut ei lykt. Gratulerer til vinnarane Knut Inge, Grzegorz, og Anne Elisabeth!

Også etter Ti på Topp 2025 blir det premieutdeling - enda ein grunn til å ta dei siste turane denne veka.

Foreløpig er det Beate som ligg på topp på Telesport-lista, men det er ikkje veldig langt ned til neste på lista. Imponerande er det også at 9 stk har vore på alle dei 18 turmåla i årets konkurranse - og totalt nærmare iv

I bedriftskonkurransen ligg vi på 5-plass og må stå på også siste veka for å holde BIR og DNB bak oss



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.