Ti på Topp premieutdeling og ny konkurranse

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 30. Nov 2025

1. desember startar Ti på Topp Vinter. Telesport Bergen oppfordrar alle til deltaking også i år. Bruk turforslaga til inspirasjon og motivasjon for å kome deg ut i naturen også i den mørke årstida. Det gir nytt overskudd og er bra for både fysisk og psykisk helse! Les meir om påmelding under.

Det er heller ikkje lenge sidan Ti på Topp 2025 vart avslutta. Dei som besøkte minst 10 turmål har alt fått deltakarpremiar, og det ventar meir premiering for dei som var med på dette fra mai til oktober.

Premieutdeling etter Ti på Topp 2025

Ti-på-Topp-sesongen var som vanleg fra 1. mai til 31. oktober. I løpet av dette halvåret gjekk vi totalt ca 700 turar og ca 3500km i Bergen kommune. Litt færre deltakarar og litt kortare enn i fjor, men så hadde vi dette året heller ikkje konkurransen for Askøy og Øygarden som har gitt mange km dei siste åra. Likevel hadde vi i snitt fleire turar i år pr deltakar enn i fjor. Ein flott innsats og heilt sikkert mange fine naturopplevelsar og treningsturar for dei 28 deltakarane!

I bedriftkonkurransen kapra vi ein 5-plass. Det er eit hakk bedre enn i fjor, og viser at vi har mange som har vore aktive.

5-plass i bedriftskonkurransen der ein i år måtte ha 18 turar i snitt blant alle deltakarane for å kome på topp-10 lista.

Heile 19 av deltakarane våre besøkte minst 10 ulike turmål og er dermed kvalifisert til deltakarpremie fra Vestland Bedriftsidrettskrets. I år var det ein flott kopp fra Bedriftsidretten. For dei som enda ikkje har fått denne, så er den tilgjengeleg på Kokstad. Av desse 19 var det så mange som 11 som hadde besøkt alle dei 18 turmåla i Bergen. Etter tradisjonen kan alle desse vente seg ein ekstra premie fra Telesport for denne flotte innsatsen. Vi ønsker også at alle andre som har gjort ein innsats gjennom sesongen skal kunne vinne premiar, og det blir derfor ei trekning av premiar der kvar einaste tur teller med og gir eit lodd i trekninga. Trekning og premieutdeling er planlagt ifm kick-off for ny Telenor Games sesong i januar. Hugs å melde deg på Telenor Games om du ikkje alt har gjort det.

Den ivrigaste gjengen som har besøkt alle 18 turmåla i 2025


Påmelding Ti på Topp Vinter 2025/26

Vestland Bedriftsidrettskrets arrangerer Ti På Topp Vinter Bergen fra 1. desember, og Telesport oppfordrar også i år alle medlemmer som har lyst til å delta. Det er viktig å kome seg ut i den mørke tida, både for å få mosjon, frisk luft og kanskje eit glimt av daglys.

Du melder deg på i Ti på Topp appen. Hugs å velge bedrift "Telesport Bergen" når du melder deg på. Dersom du treng guiding for riktig registrering i appen kan du sjå på oppskrifta med skjermbilder fra eit tidlegare år her: Ti på Topp Vinter 2023/24. Når du kjem til "Velg pris" må du denne gangen velge "Voksen" og betale kr 200. Hugs at du får refundert denne kostnaden etter dei vanlege reglane for startkontingent i konkurransar.

Du kan lese meir om opplegget her: Ti på Topp Vinter. Det kan også vere lurt å følge Ti på Topp på Instagram og Facebook

Livarden er eit av dei meir utfordrande turmåla - enten ein går til fots eller på ski...


Ein kveldstur langs Løvstien er kanskje eit meir realistisk turmål ein vanleg vinterdag.

Med Ti På Topp appen får du tips til ca 15 turmål i Bergen og god guiding på korleis du kjem deg dit. Det er også eit poengsystem der ein kan vinne premiar. I motsetning til sommarkonkurransen er det ikkje nødvendig å besøke mange turmål for å kunne vinne premiar. Alle som har 15 poeng er med i trekninga. I tillegg vil vi også denne gangen ha internpremiering i Telesport som ein ekstra motivasjon. Her kan alle vinne, men dess fleire poeng du har, dess større blir vinnarsjansane.

Ti På Topp Vinter har stort sett enkle turmål som ein kan rekke i det korte dagslyset eller som er enkle å gå med hodelykt. Nokre er til og med opplyst av lysløyper. Ein finn også lengre turar for dei som ønsker det. Sjølv om ikkje alle turane er så lange, er det viktigaste å kome seg litt ut også på vinteren. Det er bra for helsa og gir nytt overskudd. Vi håper mange lar seg inspirere til å kome seg ut på tur. Ta gjerne med familien eller ein kollega!


Ta kontakt med Helge Ytre-Hauge eller andre i styret om du har spørsmål om opplegget.


Legg gjerne ut bilder og tips fra turane til inspirasjon for oss andre!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.