Ti på Topp Vinter 2021-22 – Gratis deltaking
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 11. Des 2021
Mange har hatt gleden av Ti på Topp gjennom sommarhalvåret i år og i fjor. Derfor satsar Telesport Bergen no også på Ti på Topp vinter. Alle medlemmar i Telesport kan delta gratis ved å bruke kode mottatt pr epost.
Tidlegare har Ti på topp vore ein del av Telenor Games. Slik er det ikkje i vinter, men få gjerne med deg kollegaer eller andre på tur likevel. Det er også ein konkurranse der det er muleg å vinne premiar. Ein samlar 1-3 poeng pr tur og 15 poeng er nok til å vere med i trekning av premiar. Les meir om det her: http://ti-paa-topp-vinter-bergen-21-22.xn--tiptopp-gxa.no/artikkel/1095
Eg håper turforslaga og konkurranseelementet gir inspirasjon til å kome seg ut i frisk luft og oppleve nye turar. Særleg i desse heimekontortider er det viktig!
Korleis kjem du i gang?
- Finn fram påmeldingskoden du har mottatt på epost (sendt søn. 05.12.2021 20:23 frå Helge Ytre-Hauge). Mangler du koden, ta kontakt med styret i Telesport.
- Gå til Ti-på-topp vinter for Bergen: http://ti-paa-topp-vinter-bergen-21-22.tipåtopp.no/pamelding/bedriftsklasse (eller bruk appen)
- Velg Bedriftsklasse og Meld deg på eksisterende bedrift
- Velg "Telesport Bergen"
- Fyll ut telefon og epost (dersom du ikkje har deltatt før må du fylle inn nokre opplysningar for å registrere deg) og sjå gjennom «vilkår».
- Betaling: Velg «PÅMELDINGSKODE». Skriv inn koden du har mottatt på epost
Da skal registreringa vere ferdig og du kan begynne å sanke poeng. Du bør også laste ned appen for enkel registrering av turar. Det er også den enklaste måten å finne fram til turmåla på. Påmeldinga er også muleg å gjennomføre i appen. Da må du velge konkurransen «Ti på Topp vinter Bergen 21-22», og deretter er stega omtrent dei samme som over bortsett fra at personopplysningane alt er registrert.
Legg gjerne ut bilder og tips fra turane til inpirasjon for oss andre!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Telesport Bergen B.I.L

Telenor Games – Luftgæverskyting
04.02.2025

Ti På Topp Vinter 2024/25 fra 1. desember
28.11.2024

Telemesterskapet i Padel 2024
19.11.2024

Telenor Games Pokalen er delt ut for 2024
11.11.2024

Rebusløp og finale i Telenor Games
10.11.2024