Ti på Topp 2024 Oppsummering og Premieutdeling
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 4. Jan 2025
Ei litt sein oppsummering av Ti på Topp 2024 og premieutdelinga som vart gjort i forbindelse med Telenor Games Kick-off i november. Som vanleg varte sesongen fra 1. mai til 31. oktober. I løpet av dette halvåret gjekk vi totalt ca 900 turar og ca 4600 km i Bergen, Askøy og Øygarden. Ein flott innsats og heilt sikkert mange fine naturopplevelsar og treningsturar for dei 36 deltakarane!
Stadig nye vinklar på byfjella med Ti på Topp. I 2024 var Ulriken og Smaa-Gimle to av måla.
Konkurransen i år mot andre bedrifter var tøff, men vi var likevel solid inne på topp-10-lista i Bergen, både målt i snittpoeng og totalpoeng. I Askøy & Øygarden er det litt mindre konkurranse og der hevda vi oss som vanleg sterkt. Ikkje minst takka vere Frode Bjørn Nyhammer som også i år vart årests turgåar med solid margin. I tillegg var Irmelin, Helge, Svein-Magne og Gunhild alle inne på topp-10 lista.Askøy/Øygarden.
Heile 19 av deltakarane våre besøkte minst 10 ulike turmål og er dermed kvalifisert til deltakarpremie fra Vestland Bedriftsidrettskrets. Av desse var det så mange som 13 som hadde besøkt alle dei 18 turmåla i Bergen. I Askøy/Øygarden var det 4 av oss som hadde besøkt alle dei 16 turmåla. Etter tradisjonen frå alle desse ein premie fra Telesport for denne flotte innsatsen. Dei som kunne glede seg over premiar (og som vi ser dei fleste av på bildet under) er Beate, Åshild, Svein-Magne, Helge, Knut-Inge, Randi, Per Arne, Bjørg, Trond, Anne Elisabeth, Frode, Gunhild ogTorgeir. I tillegg hadde vi ei trekning av premiar blant alle andre der kvar tur i løpet av året gav eit lodd i trekninga.
I loddtrekninga 5. november trekte vi totalt 7 vinnarar. Det vart Frode Per, Geir, Irmelin, Bjarte, Grzegorz, Carolina og Stian
Vinnarane som hadde vore på alle toppane i Ti på Topp 2024.
Ti på Topp Vinter
Ti på Topp Vinter er godt i gang, men det er ikkje for seint å bli med om du vil ha litt ekstra motivasjon eller tips til turar i januar og februar. Med all snøen som har kome no er det fine skiturar ein kan ta til Livarden, Redningshytta, eller litt kortare i dei preparerte løypene i Gullbotn eller til Grindåsen. Akkurat no kan ein vel gå på ski overalt, men det er mange korte turar som mange har i nærområdet sitt, og som nok snart er best på beina, som f.eks. Løvstien, Hordnesskogen, Fjellveien eller Kanadaskogen.
Akkurat no er det 16 deltakarar fra Telesport og vi er heilt i toppen i bedriftskonkurranse. Åshild, Beate, Anne Elisabeth og Knut-Inge er alle inne på topp-10-lista.
Ti på Topp Vinter per 4. januar 2025.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Telesport Bergen B.I.L

Telenor Games – Luftgæverskyting
04.02.2025

Ti På Topp Vinter 2024/25 fra 1. desember
28.11.2024

Telemesterskapet i Padel 2024
19.11.2024

Telenor Games Pokalen er delt ut for 2024
11.11.2024

Rebusløp og finale i Telenor Games
10.11.2024