Telenor Games Pokalen er delt ut for 2024
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 11. Nov 2024
Sesongen i Telenor Games i Bergen går fra haust til haust. Det betyr at vinnaren etter sesongen blir kåra i den store finalen som vi dei siste åra har hatt i slutten av august. Du finn fyldig dekning av finaleøvelsen i Rebusløp og finale i Telenor Games.
Før finalen var det dei tre laga B-laget, KON-KAMeratene og Team Top Floor som hadde rykka litt i frå. Akessalliansen og Telechubbies var på skuddhold, men mykje skulle gå galt for dei tre topplaga om ikkje seieren skulle enda blant eit av desse. Og det viste seg på nytt at desse laga leverte solide resultat, også i finaleøvelsen. Når B-laget like godt gjekk heilt til topps i rebusløpet, var ikkje spenninga den aller største før vandrepokalen skulle delast ut til vinnaren av heile Telenor Games sesongen.
Her ser vi B-laget med vandrepokalen omgitt av dei andre premievinnarane fra Team Top Floor (nr 2) og KON-KAMeratene (nr3), i tillegg til Aksessalliansen som i år var den heldige vinnaren av uttrekkspremien.
Dette er tredje år på rad at B-laget vinner pokalen, og spørsmålet alle dei andre laga stiller seg er korleis dei kan klare å stoppe B-laget? Trøsten får vere at det er fine premiar også til nr 2 og 3. Og ikkje minst får eit tilfeldig lag blant dei andre ein like fin premie som vinnarlaget. Ein liten vri på den siste trekninga i år var at antall lodd i trekninga vart vekta med deltakarpoenga ein har samla gjennom sesongen. Dermed fekk dei som har stilt opp jamt og trutt gjennom sesongen ein ekstra sjanse til å vinne. I år var det Aksessalliansen som vant denne trekninga. Vinnarlaga kan glede seg over gavekort på Vestkanten Opplevelser der laga f.eks. kan bowle eller spele minigolf, eller kanskje prøve seg på karaoke i oppladinga til neste sesong.
Oppsummering etter alle øvelsane i Telenor Games 2023-24
Og slik ser altså poengsummane ut
Som vi ser over har B-laget levert solide resultat gjennom heile sesongen og med 17 poeng i snitt pr øvelse er det ikkje lett å slå denne gjengen. Men gjennom sesongen er det fleire lag som har vunne enkeltkonkurransar. Telechubbies opna sterkt med seier i Shuffleboard i fjor haust. Så var det KON-KAMeratane sin tur i Padel, før B-laget tok sin først seier i den nye øvelsen «Gåte». Leirdueskyting var også på programmet for første gang, og her delte Aksessalliansen og Lag X seieren. Så var det KON-KAMeratane sin tur igjen i frisbee-golf, før altså B-laget tok heim pokalen med seier i rebusløp-finalen.
Øyvind Spilde har som Telenor Games ansvarleg i styret stått i spissen for mange av øvelsane, men med god hjelp frå bl.a. Siv og Halvor i styret. Men også andre har bidradd gjennom sesongen. KON-KAMeratene og B-laget ved Liz og Grzegorz tok ansvar for den nye øvelsen Gåte, og i rebusløpet var Team Top Floor, Aksessalliansen og Telesnuppene representert på arrangørsida. I neste sesong håpar vi at enda fleire vil melde seg og bidra med gjennomføring av arrangementet. Og styret er også veldig interessert i innspel til øvelsar vi kan bruke i Telenor Games. Og først og fremst håper vi alle blir med vidare i ny sesong. I år har vi vore over 60 deltakar. Det er eit imponerande antall, men vi håper på enda fleire neste år.
Som kjent er sesongen 2024-25 alt i gang. Kick-off med nye øvelsar vart gjennomført på Kokstad 5. november. Om du ikkje har fått meldt deg på Telenor Games, så er det ikkje for seint å bli med på sesongen som nettopp har begynt. Ta kontakt med Øyvind eller nokon i styret, eller eventuelt med nokon du kjenner på eit av dei andre laga. Hugs at sjølv om du ikkje kan delta kvar gang, er det muleg å vere med på eit lag.
Sykle til jobben
Når vi først var i gang med premieutdeling i Telenor Games og Rebusløpet vart det også trekt ut eit par premiar blant deltakarane i årets Sykle-til-jobben aksjon. Leiar i sykkelgruppa, Ole Jostein Ressem, drog i gang aksjonen og stod også for premieutdelinga. Dei heldige vinnarane vart Svein-Magne Torsvik og Frode Nyhammer.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Telesport Bergen B.I.L

Telenor Games – Luftgæverskyting
04.02.2025

Ti På Topp Vinter 2024/25 fra 1. desember
28.11.2024

Telemesterskapet i Padel 2024
19.11.2024

Rebusløp og finale i Telenor Games
10.11.2024