Påmelding Telenor Games 2019/20
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 1. Okt 2019
Det nærmar seg ny sesong av Telenor Games, og det er tid for å melde seg på. Sesongen 2019/20 vil sannsynlegvis bestå av 4 konkurransar i perioden fra november 2019 til juni 2020. Vi håper både nye og gamle deltakarar blir med!
Årets øvelsar er ikkje heilt bestemt, men det blir nok ei blanding av nye og kjente øvelsar. Nye forslag er bl.a. kanonball. Ellers er kjente øvelsar som luftgeværskyting, bowling, frisbeegolf, geocaching, curling, orientering, dart m.m. kandidatar. Det er også muleg å foreslå nye øvelsar gjennom påmeldingskanalane.
I år er det to måtar å melde seg på:
- Ein lagleiar melder på sitt lag (inntil 6 personar)
- Du melder deg på individuelt og blir plassert på eit lag satt sammen av arrangøren
I begge tilfeller kan du melde deg på i kommentarfeltet under eller ved å sende epost til trond-sigurd.ellefsen@telenor.com. Lagleiarar må hugse å få med lagnamn og namn og epost-adresse til alle du melder på. Dei som melder seg på individuelt må også hugse namn og epostadresse. Skriv også om du kan tenke deg å vere lagleiar og/eller lagmedlem. Du må vere medlem av Telesport for å delta (men påmelding er tillatt før medlemskap er registrert).
Eit lag består altså av inntil 6 deltakarar, men i kvar øvelse er det normalt 4 som er aktive. Det er også muleg å stille med færre enn 4, men da vil ein miste deltakarpoeng i konkurransen. I nokre av øvelsane, inkludert i ein eventuell landsfinale, vil det vere ein fordel at laget har begge kjønn. Vi oppfordrar derfor alle lag til å stille med ein god kjønnsbalanse.
Bruk denne sjansen til å få eit avbrekk i kvardagen med morsomme aktivitetar og bli betre kjent med kollegaer på tvers av soner og avdelingar!
Påmeldingsfrist: Fredag 1. november.
4 Kommentarer
Kommentarer
-
Sverre Andreas Berg
Jeg vil gjerne være med og fortrinnsvis på Randi sitt lag. Hva med å arrangere ei Boccia turnering?
02 oktober 2019
Siste fra Telesport Bergen B.I.L

Møt Telesport på Kokstad tirsdag 29. april
24.04.2025

Årsmøte og tildeling av statuetter 2025
22.04.2025

Ti på Topp 2025
21.04.2025

Påmelding til Stoltzen 2025
10.04.2025

Gratis kurs i kart og kompass
15.03.2025

Holmenkollstafetten 2025
14.03.2025