Rebusløp
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 10. Aug 2023
Fredag 25. august fra kl 17:30 er det klart for
rebusløp igjen. Hugs å melde deg på så snart som muleg HER (link).
Arrangementskomiteen består i år av Sverre Berg, Beate Rikstad og Asbjørn Handegard - ein erfaren gjeng som har stått bak dette arrangmentet mange ganger.
Rebusløpet handler om små enkle (og nokre vanskelege) rebusar.
Rebusløpet begynner kl 17:30 ved den Blå Steinen på Kong Olav Vs Plass. Fra ca kl 20 forventar vi at laga kjem til målområdet der det blir kåring av vinnarar og premieutdeling. I år blir dette Kongesalen i Cornerteateret der vi vil ha vårt eige lokale. Dette blir også sesong-avslutning på Telenor Games med premieutdeling og servering av mat og drikke. Arrangementet, inkludert servering, er gratis for alle medlemmar!
For dei som er ukjent med Telesport Rebusløp, så er det ein lagkonkurranse der deltakarane blir satt saman i lag og får eit sett med rebusoppgaver. For kvar oppgave skal ein typisk finne fram til ein plass eller adresse i Bergen (innanfor eit nærmare definert kartområde) ved å løyse rebusen. I tillegg er det eit spørsmål som ein vanlegvis ikkje finn svar på utan å gå til den aktuelle plassen. I tillegg til kreative evner for å løyse oppgavene, må laget også legge opp ein strategi for å løyse flest muleg oppgaver og bevege seg til alle plassane innanfor tidsramma. Og helst må ein kunne finne fram på eit kart. Kanskje dukker det også opp andre typer oppgaver... Det veit berre komitèen.
Her er eit par eksempel på rebus-oppgaver fra tidlegare år:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Telesport Bergen B.I.L

Telenor Games – Luftgæverskyting
04.02.2025

Ti På Topp Vinter 2024/25 fra 1. desember
28.11.2024

Telemesterskapet i Padel 2024
19.11.2024

Telenor Games Pokalen er delt ut for 2024
11.11.2024

Rebusløp og finale i Telenor Games
10.11.2024