Påmelding til Stoltzen 2024

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 12. Apr 2024

-
timer
-
minutter
-
sekunder

Påmeldinga til Stoltzen 2024 er no open for Telenor/Telesport. Dette blir truleg årets største arrangement for Telesport og vi ser også fram til å møte deltakarar fra andre Telenor-lokasjonar i Stoltzekleiven Opp og After-Stoltz.

Påmelding/registrering gjer du her: Stoltzekleiven Opp med Telesport

For å vere sikker på plass må du registrere deg før 1. mai. Grunnen til den tidlege fristen er at vi må sikre desse plassane før den ordinære påmeldinga begynner, og den opner i mai. Pr no har vi sikra oss 50 plassar med start omkring kl 11 laurdag 28. september. Dersom interessa blir veldig stor vil vi forsøke å utvide antall plassar.

Etter løpet samlast vi til "After-Stoltz" i eit lokale ikkje langt unna. Der sørger arrangøren Varegg for at vi får servert varm mat og kald drikke. I tillegg blir det trekning av premiar blant Telenor-deltakarane og kanskje ein filmsnutt med glimt fra løpet. Vidare utover dagen kan ein fortsette det sosiale saman med kollegaer fra heile landet.

For deg som ikkje har deltatt før så er Stoltzen ein kjempeopplevelse du bør få med deg. Telenor og Telesport har hatt dette som eit av dei viktigaste arrangementa dei siste åra. Vi har normalt vore 30-50 deltakar, nokre år også med deltakarar fra andre lokasjonar. Det å møtes på tvers av lokasjonar i Telenor gir ein ekstra dimensjon til arrangementet som gjer det vel verdt å få med seg. Totalt er vi over 150 som har gått Stoltzen gjennom dei siste åra. I fjor satte vi ny deltakarrekord, og i år håper eg enda fleire finn vegen til Stoltzen siste helga i september.

Stoltzen er kjent som verdas brattaste løp og er frykta av mange, men "løpet"er likevel ein kort tur som alle kan klare. Nokre går veldig fort, ned mot 10-11 minutt, mens andre har brukt over 40 minutt. Dei fleste ein plass i mellom, og det varierer naturleg nok fra år til år. Det er tungt og bratt og kan vere litt vondt mens det står på, men det går veldig fort over og blir ikkje sittande i kroppen slik som lenger løp kan gjere. Derfor er det for dei fleste ein super opplevelse å tenke tilbake på, og som regel er godfølelsen der etter kort tid når vi samlast til After-Stoltz. Samtidig er det for mange ein fin motivasjon for trening gjennom sommaren og hausten, og eit fint sosialt samlingspunkt både på løpsdagen og fellestreningar i forkant. 

I år har vi fått signal om at fleire kollegaer fra andre lokasjonar er interessert, så dette er også ein fin mulegheit til å bli kjent og få nye kontakter på tvers i Telenor. Vi i Telesport Bergen ønsker deltakarar fra andre Telenor-lokasjonar hjerteleg velkommen. For tilreisande oppfordrar vi at du undersøker med ditt lokale bedriftsidrettslag mulegheitene for å søke om reisestøtte eller om nokon planlegger felles reise.
 
Artikkelen med praktisk informasjon om fjorårets arrangement beskriver ganske godt opplegget også for 2024, sjølv om enkelte detaljar kan endre seg.

Vi i Telesport Bergen veit at mange spreke kollegaer blir med. Vi håper også at vi får med enda fleire av dei som ikkje ønsker å ta konkurransen så høgtidleg, eller som føler at forma ikkje er heilt som for 10 eller 20 år sidan, men som likevel stiller opp og konkurrer mot seg sjølv, og ikkje minst dei som bidrar til den gode stemninga på After-Stoltz og After-After-Stoltz. Bli med å bidra til at dette blir ein minnerik dag for deg sjølv og andre!

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med nokon styret i Telesport.

Hugs påmeldinga! Velkommen i Stoltzen!

Her er gjengen fra 2023 på toppen kort tid etter målgang


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.