Stoltzen og After-Stoltz med Telesport Bergen

Stoltzen og After-Stoltz med Telesport Bergen


Arrangør: Telesport Bergen B.I.L
Påmeldingsfrist: 14.09.2024 20:00

Tid


Sted

Vis kart

Her melder du deg på Stoltzekleiven opp for Telenor/Telesport. Vi deltar i Stoltzekleiven Opp laurdag 28. september 2024. Starttidspunkt blir ca kl 1140 og etterpå blir det "After-Stoltz" med servering av varm mat og kald drikke, samt trekning av premiar blant Telenor-deltakarane.


Telesport dekker påmeldingsavgift (inkludert After-Stoltz og den eksklusive T-skjorta) for alle deltakarane.


Trykk på knappen "Påmelding" for å registrere deg. Da blir du med på deltakarlista som styret melder inn til arrangøren Varegg. Etter fullført påmelding kjem det normalt ein epost i løpet av eit par minutt. Da veit du at påmeldinga di er registrert.  På grunn av sikkerheitskrav må du vere innlogga for å registrere påmeldinga (nytt i år). Dersom du ikkje har brukar fra før kan du opprette det i prosessen (dette gjer deg ikkje til medlem i Telesport eller gir deg andre forpliktelsar, det er kun ein brukar i "idrettenonline-systemet" som leverer webløysing og påmeldingsskjema). Ein brukar fra TIF (f.eks. påmelding Holmenkollstafett) eller andre bedriftsidrettlag i Telenor skal fungere. Ta kontakt med Helge Ytre-Hauge ved problemer med påmelding.

Pass på at du får med det siste trykket på den grønne knappen "Bekreft bestillilng" og sjekk at du mottar bekreftelse på epost.

Fram til 6. mai vil alle medlemmer i Telesport Bergen som melder seg på vere garantert plass. Vi ønsker også svært gjerne deltakarar frå bedriftsidrettslaga på dei andre Telenor-lokasjonane, og vi har satt av plassar til dette slik at alle som ønsker kan melde seg på. Ved svært stor interesse må vi ta eit lite forbehold om at vi får utvida deltakarkvoten frå løpsarrangøren Varegg, men i praksis trur vi at vi kan garantere plass til alle som melder seg på innan 6. mai. For tilreisande oppfordrar vi at du undersøker med ditt lokale bedriftsidrettslag mulegheitene for å søke om reisestøtte eller om nokon planlegger felles reise.

No er vi etter 6. mai, og arrangementet er i utgangspunktet fullt, men om fleire melder seg på vil vi forsøke å skaffe fleire plassar. Det kan også bli ledige plassar om nokon må melde forfall. Om du ønsker å delta, så kan du melde deg på heilt fram til september. Vi vil forsøke å skaffe plass, men kan ikkje garantere det. Du vil uansett motta ei tilbakemelding om sjansane for å få garantert plass.

Pr 2. september har vi 2 ledige plassar etter nokre forfall. Det er først til mølla. Du får rask tilbakemelding etter påmelding om du har fått plass.

Meir informasjon om arrangmentet og historikk fra tidlegare år finn du her: https://telenor-il-bergen.idrettenonline.no/p/68929/stoltzen


Artikkelen med praktisk informasjon om fjorårets arrangement (https://telenor-il-bergen.idrettenonline.no/next/blog/post/223149/stoltzen-2023---praktisk-informasjon-for-pameldte?ispage=true) beskriver ganske godt opplegget også for 2024, sjølv om enkelte detaljar kan endre seg.


Merk at alle som deltar må ha ein "stoltze-id" og det er fint om du registrer den i påmeldinga. Du finn den her dersom du har deltatt for Telesport tidlegare:http://stoltzen.no/statistikk/index.php?k=Telenor%2FTelesport+Bergen . Ny ID kan opprettast her:http://stoltzen.no/pmeld/index.php?action=ny_loper


Dersom du ikkje har stoltze-id tilgjengeleg, kan du likevel melde deg på, så ordnar vi det seinare.


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.