Ti på Topp 2025 snart i mål

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 26. Okt 2025

Heilt sidan mai har omkring 30 medlemmar brukt Ti-på-Topp appen til å registrere fjellturar i Bergen. Mange hundre turar er gått og ganske mange har også besøkt alle eller nesten alle av dei 18 turmåla. No er det berre i knapp veke igjen av årets sesong. På fredag 31.10. er siste frist for å registrere sine turar.


Vermeldingane framover ser ganske bra ut, og haustlufta er ofte den beste. Så benytt gjerne sjansen til ein trimtur eller å oppleve eit nytt turmål også denne veka. Men ver obs på at det blir fort mørkt på kveldane. Ta med ei lykt for sikkerheits skuld.Nokre var også så heldige å vinne hodelykter i vår. Ifm styret sin stand på Kokstad i slutten av april trekte vi to vinnarar blant deltakarane i Ti-på-Topp Vinter. Også i gratislotteriet blant alle som besøkte standen lodda vi ut ei lykt. Gratulerer til vinnarane Knut Inge, Grzegorz, og Anne Elisabeth!

Også etter Ti på Topp 2025 blir det premieutdeling - enda ein grunn til å ta dei siste turane denne veka.

Foreløpig er det Beate som ligg på topp på Telesport-lista, men det er ikkje veldig langt ned til neste på lista. Imponerande er det også at 9 stk har vore på alle dei 18 turmåla i årets konkurranse - og totalt nærmare iv

I bedriftskonkurransen ligg vi på 5-plass og må stå på også siste veka for å holde BIR og DNB bak oss





Sykle til jobben resultater

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 26. Okt 2025

Husker du Sykle til jobben aksjonen i vår?

Nå er det siste sjans for dere som deltok å melde inn resultater til Ole Jostein. Det gir deg lodd i potten til premietrekningen som gjennomføres snart. Fristen for rapportering av resultater er 1. november.

Husk også at du kan få refundert påmeldingsavgiften av Telesport.



1 Kommentar

Tipp Vekten - Siste øvelse i Telenor Games

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 21. Okt 2025

Fredag 24. oktober er det klart for den store finalen i Telenor Games. Som vanleg blir det rebusløp og stortstilt premiefest. Nytt i år er at det også blir ein siste øvelse som har fått namnet "Tipp Vekten".

Detaljane i den siste øvelsen "Tipp Vekten" er ikkje kjent. Her har AI tippa på kva opplegget blir. Fasiten kjem fredag.

Dette betyr at det er 12 ekstra poeng å kjempe om denne siste kvelden. Totalt er det dermed muleg å score heile 32 poeng. Som vi ser av poengoversikten under betyr det at i teorien har alle laga mulegheit til å topps. I praksis kan det vel vise seg vanskeleg for nokre, men veldig mykje kan skje denne siste kvelden.


Etter 4 øvelsar er det tett mellom laga sjølv om B-laget og Team Top Floor har skaffa seg ei lita luke i toppen.





Bestilling av Telenorprofilert tøy med rabatt

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 19. Okt 2025

TIF sin nettbutikk er no open for bestilling av Telenor-profilert tøy. Det er i år ny leverandør og nytt design. TIF har inngått eit samarbeid med IDÉ House of Brands for å tilby eit førsteklasses utvalg av Craft-tøy som kombinerer kvalitet, komfort og stil.

Bestillingsfristen er mandag 27. oktober. Det er ikkje muleg å bestille etter dette. Merk at dette er den einaste mulegheita for å bestille tøy i 2025. Forventa leveringstid er 10-12 veker.

Medlemmar som har betalt kontingent for 2025 får ein rabatt på inntil 50%. ved handel. Maks rabatt er kr 1000,-. Bestillingar som er gitt rabattar til personar som ikkje er registrert som medlemmar blir kansellert eller etterfakturert. 

Om ein ikkje er medlem, men ønsker å bestille utan medlemsrabatten kan ein ta direkte kontakt med IDÉ House of Brands.

Eit lite utvalg fra web-shopen

Alle spørsmål rundt sortiment og nettbutikken rettes direkte til IDÉ House of Brands. Kontaktinfo ligger nederst i nettbutikken, her: https://teleidrettsforbundet.shop.idegroup.no/kontakt-oss




Rebusløp

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 11. Okt 2025

Fredag 24. oktober fra kl 17:30 er det klart for rebusløp igjen. Hugs å melde deg på så snart som muleg HER (link).

Rebusløpet begynner kl 17:30 ved den Blå Steinen på Kong Olav Vs Plass. Fra ca kl 20 forventar vi at laga kjem til målområdet der det blir kåring av vinnarar og premieutdeling. Målområdet blir annonsert seinare, men det blir i kort gangavstand fra starten. 

Dette arrangementet blir også sesong-avslutning på Telenor Games med premieutdeling, matservering og tid til å vere sosiale. Arrangementet (med unntak av drikke ein ev kjøper), er gratis for alle medlemmar!

For dei som er ukjent med Telesport Rebusløp, så er det ein lagkonkurranse der deltakarane blir satt saman i lag og får eit sett med rebusoppgaver. For kvar oppgave skal ein typisk finne fram til ein plass eller adresse i Bergen (innanfor eit nærmare definert kartområde) ved å løyse rebusen.  I tillegg er det eit spørsmål som ein vanlegvis ikkje finn svar på utan å gå til den aktuelle plassen. I tillegg til kreative evner for å løyse oppgavene, må laget også legge opp ein strategi for å løyse flest muleg oppgaver og bevege seg til alle plassane innanfor tidsramma. Og helst må ein kunne finne fram på eit kart. Kanskje dukker det også opp andre typer oppgaver.

Her er eit par eksempel på rebus-oppgaver fra i fjor: