Sesong-avslutning og premieutdeling i Telenor Games

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 11. Aug 2023

Som annonsert blir det sesongavslutning for Telenor Games fredag 25. august. Da avslutter vi siste øvelse (rebusløp) og så snart resultata der er klare vil resultata for heile sesongen bli rekna ut og vi kan kåre vinnarlaga og starte feiringa. I tillegg til premiering av topp 3, blir som vanleg den finaste premien trekt ut til eit tilfeldig lag blant alle dei andre deltakarlaga. Så her blir det spenning for alle heilt til siste slutt. Det er også slik at det fortsatt gjenstår opp til 40 poeng som er muleg å ta på dei siste to øvelsane. Den pågåande dart-konkurransen blir avslutta i same veke som rebusløpet. Etter 4 øvelsar er det veldig jamt og mykje kan skje i kampen om dei siste 40 poenga. Så her gjeld det for alle å mobilisere laget sitt til ein siste innsats denne sesongen.

Samanlagtresultat etter 4 øvelsar

Sesongavslutning betyr også fest og feiring. I år skjer dette i Kongesalen i Cornerteateret. Der har vi vårt eige lokale der vi ordner oss sjølv med bestilt pizza og snacks, og vi har tilgang til bar/servering fra Cornerteateret. Hugs at alle som skal vere med må melde seg på her.

Den siste øvelsen er altså rebusløpet. Dette blir arrangert av ein uavhengig komite og er opent for deltaking for alle medlemmer, også dei som ikkje deltar i Telenor Games. Det betyr at i utgangspunktet vil Telenor Games laga vere eigne lag i rebusløpet. Ein kan ta med reservane og dermed vere fleire enn 4 på laget. Dei laga som ikkje klarer å stille fullt lag kan bli supplert med deltakarar som ikkje høyrer til laget slik at dei fleste laga er minst 4. Ved svært få deltakarar kan også to Telenor Games lag bli slått saman. Dei vil da få lik score i Telenor Games rangeringa. Dersom det er mange uavhengige deltakarar kan det også bli fleire lag med i rebusløpet. For poengscoren i Telenor Games vil det vere rangeringa blant Telenor Games laga i rebusløpet som teller. Plassering for øvrige lag og antall øvrige lag vil ikkje påverke poenga i Telenor Games. Der vil det som vanleg blir resultatpoeng på 12, 10, 8, 7, 6 osv i tillegg til deltakarpoeng.

Minner da også om den pågåande dart-konkurransen på den nye elektroniske dartskiva som blir øvelse nr 5 i denne sesongen. Konkurransen utføres i perioden 03.07.23 – 18.08.23 hvor hvert lag tar turen innom møterommet og kaster 3 piler a 16 runder. Vi benytter spillmodusen «Practice» via app VdartsGame. Hensikten er å oppnå så høy score som mulig. Detaljer om konkurransen og bruk av dart-skiva er distribuert på epost. Etter opptelling av resultatene sikter vi oss inn på et finalespill i uken før selve avslutningskonkurransen i Telenor Games. Det betyr altså at finalen i øvelse nr 5 blir avvikla mellom 21.8. og 25.8.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.