Stoltzen og After-Stoltz 30. september 2023

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 23. Mar 2023

Da er kontrakten med Varegg signert og vi opnar opp påmeldinga for Stoltzen 2023. Dette blir truleg årets største arrangement for Telesport og vi ser også fram til å møte deltakarar fra andre Telenor-lokasjonar i Stoltzekleiven Opp og After-Stoltz.

Påmelding og tildeling av plassar skjer internt i Telesport på denne linken: Stoltzekleiven Opp med Telesport

For å vere sikker på plass må du registrere deg før 20. mai. Starttidspunktet vårt blir ca kl 11, laurdag 30. september. Hugs å markere i kalenderen din så ikkje du gløymer det når andre ting dukker opp. 

Etter løpet samlast vi til "After-Stoltz" i eit lokale ikkje langt unna. Der sørger arrangøren Varegg for at vi får servert varm mat og kald drikke. I tillegg blir det trekning av premiar blant Telesport-deltakarane og kanskje ein filmsnutt med glimt fra løpet. Vidare utover dagen kan ein fortsette det sosiale saman med kollegaer fra heile landet.

For deg som ikkje har deltatt før så er Stoltzen ein kjempeopplevelse du bør få med deg. Telenor og Telesport har hatt dette som eit av dei viktigaste arrangementa dei siste åra. Normalt har vi stilt 40-50 fra Telenor. Nokre år også med deltakarar fra andre lokasjonar. Totalt har vi vore meir enn 130 deltakarar dei siste åra. Nokre går veldig fort, ned mot 10-11 minutt, mens andre har brukt over 40 minutt. Dei fleste ein plass i mellom, og det varierer naturleg nok fra år til år. Uansett er det ein kort tur som alle kan klare. Det er tungt og bratt og kan vere litt vondt mens det står på, men det går veldig fort over og blir ikkje sittande i kroppen slik som lenger løp kan gjere. Derfor er det for dei fleste ein super opplevelse å tenke tilbake på, og som regel er godfølelsen der etter kort tid når vi samlast til After-Stoltz. Samtidig er det for mange ein fin motivasjon for trening gjennom sommaren og hausten, og eit fint sosialt samlingspunkt både på løpsdagen og fellestreningar i forkant. I år har vi fått signal om at fleire kollegaer fra andre lokasjonar er interessert, så dette er også ein fin mulegheit til å bli kjent og få nye kontakter på tvers i Telenor. Vår CTO har annonsert si deltaking i år som i fjor, og kanskje blir det også fleire fra Norgesleiinga som blir med.

Fram til 20. mai vil altså alle medlemmer i Telesport Bergen som melder seg på vere garantert plass. Vi ønsker også svært gjerne deltakarar frå bedriftsidrettslaga på dei andre Telenor-lokasjonane, og vi har satt av plassar til dette slik at alle som ønsker kan melde seg på. Ved svært stor interesse må vi ta eit lite forbehold om at vi får utvida deltakarkvoten frå løpsarrangøren Varegg, men i praksis trur vi at vi kan garantere plass til alle som melder seg på innan 20. mai. For tilreisande oppfordrar vi at du undersøker med ditt lokale bedriftsidrettslag mulegheitene for å søke om reisestøtte eller om nokon planlegger felles reise.

Artikkelen med praktisk informasjon om fjorårets arrangement beskriver ganske godt opplegget også for 2023, sjølv om enkelte detaljar kan endre seg.

Vi i Telesport Bergen veit at mange spreke kollegaer blir med. Vi håper også at vi får med enda fleire av dei som ikkje ønsker å ta konkurransen så høgtidleg, eller som føler at forma ikkje er heilt som for 10 eller 20 år sidan, men som likevel stiller opp og konkurrer mot seg sjølv, og ikkje minst dei som bidrar til den gode stemninga på After-Stoltz og After-After-Stoltz. Bli med å bidra til at dette blir ein minnerik dag for deg sjølv og andre!

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med nokon styret i Telesport.

Hugs påmeldinga! Velkommen i Stoltzen!

Her er gjengen fra i fjor like etter målgang

 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.