Stoltzen og After-Stoltz med Telesport Bergen


Tid


Sted

Vis kart

Her melder du deg på Stoltzekleiven opp for Telenor/Telesport. Telesport Bergen deltar i Stoltzekleiven Opp laurdag 30. september 2023. Starttidspunkt blir ca kl 11 og etterpå blir det "After-Stoltz" med servering av varm mat og kald drikke, samt trekning av premiar blant Telesport-deltakarane.

Telesport dekker påmeldingsavgift (inkludert After-Stoltz og den eksklusive T-skjorta) for alle deltakarane.

Trykk på knappen "Påmelding" for å registrere deg. Da blir du med på deltakarlista som styret melder inn til arrangøren Varegg. Etter fullført påmelding kjem det normalt ein epost i løpet av eit par minutt. Da veit du at påmeldinga di er registrert. Ta kontakt med styret ved problemer med påmelding.

Fram til 20. mai vil alle medlemmer i Telesport Bergen som melder seg på vere garantert plass. Vi ønsker også svært gjerne deltakarar frå bedriftsidrettslaga på dei andre Telenor-lokasjonane, og vi har satt av plassar til dette slik at alle som ønsker kan melde seg på. Ved svært stor interesse må vi ta eit lite forbehold om at vi får utvida deltakarkvoten frå løpsarrangøren Varegg, men i praksis trur vi at vi kan garantere plass til alle som melder seg på innan 20. mai. For tilreisande oppfordrar vi at du undersøker med ditt lokale bedriftsidrettslag mulegheitene for å søke om reisestøtte eller om nokon planlegger felles reise.

Merk at vi hadde opprinneleg 50 plassar, men har fått utvida dette til 55. Dersom påmeldingsalternativet "Stoltzen påmelding" vises som utsolgt, kan du likevel melde deg på, men velger da alternativet "Påmelding venteliste" i påmeldingsskjemaet. Det er gode sjansar for å få plass også ved påmelding i ventelista, enten ved at vi får utvida deltakarkvoten eller ved at nokre av dei påmeldte må melde seg av. Du vil få rask tilbakemelding og bekreftelse etter ei slik påmelding.

Meir informasjon om arrangmentet og historikk fra tidlegare år finn du her: https://telenor-il-bergen.idrettenonline.no/p/68929/stoltzen

Artikkelen med praktisk informasjon om fjorårets arrangement (https://telenor-il-bergen.idrettenonline.no/blog/post/209194/stoltzen-2022---praktisk-informasjon-for-pameldte?ispage=true) beskriver ganske godt opplegget også for 2023, sjølv om enkelte detaljar kan endre seg.

Merk at alle som deltar må ha ein "stoltze-id" og det er fint om du registrer den i påmeldinga. Du finn den her dersom du har deltatt for Telesport tidlegare: http://stoltzen.no/statistikk/index.php?k=Telenor%2FTelesport+Bergen . Ny ID kan opprettast her: http://stoltzen.no/pmeld/index.php?action=ny_loper

Dersom du ikkje har stoltze-id tilgjengeleg, kan du likevel melde deg på, så ordnar vi det seinare.