Første konkurranse i Telenor Games 2021 offisielt i gang

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 20. Jun 2021

Som tidlegare annonsert blir Ti på Topp også i år ein del av Telenor Games. Det passer fint i desse smitteverntider og motiverer mange til frisk luft og mosjon, men også ein mulegheit til å gjere noko sosialt med laget. I år som i fjor tar konkurransen utgangspunkt i Ti-på-topp Bergen. Mange i Telesport er alt i gang med dette og i år er det heller ingen utlegg for å kome i gang. Oppskrifta for å kome i gang ligg her (link).

Med dette er altså Telenor Games 2021-22-sesongen offisielt i gang. Det ser ut som vi blir 9 eller 10 lag - dei siste registreringane er i ferd med å bli gjort. Vi har eit lag som har ledige plassar, så om du har tenkt på å delta, men ikkje fått registrert deg enda er det fortsatt muleg å bli med på eit lag (påmeldingsdetaljar). Neste øvelse som blir satt i gang ser ut til å bli frisbeegolf, så det kan jo vere eit tips å kaste litt frisbee i hagen eller på stranda i sommar.  

Ti på Topp Bergen har i år ein ekstra topp, altså totalt 18. Ellers er poengsystemet for Telenor Games ganske likt som i fjor, men med eit par justeringar.

DEI SOM ALT ER LEI AV POENGDETALJAR KAN STOPPE OMTRENT HER OG BEGYNNE Å GÅ – BESØK FLEST MULEG TURMÅL, DET LØNNER SEG. KLARER DU 5 STK FÅR DU BONUS OG SCORER BRA. 10 STK GIR NY BONUS OG EIT SUPERRESULTAT.

Vil du ha full kontroll på poenga, så les vidare... Når det gjeld endringane frå i fjor, så blir det for det første ein bonus på 100 poeng etter å ha oppnådd 5 turmål (50 i fjor). Dette for å gi ei ekstra gulrot til dei som i fjor gav seg etter 1-3 toppar, og for å gi ein mulegheit til ein solid sluttspurt for dei som kjem seint i gang. I tillegg har vi justert opp "turpoenga" fra 2 til 3 pr tur utover første turmål, så her er nye mulegheiter for dei som vil legge inn ein fast tur til og fra jobb eller ein annan plass ein er ofte. I tillegg er det ein liten toppbonus ein kan kjempe om ved å gå på dei høgste toppane.

Den største endringa er eigentleg ikkje ei endring for dei fleste - dvs vi har lagt til Ti på Topp Bjørnafjorden som ein del av konkurransen, men likevel slik at ein kan oppnå full score utan å reise ut av Bergen kommune. Men for dei som ikkje bur i Bergen kan dette vere ein fin mulegheit til meir rettferdig poengfangst, særleg i desse heimekontortider. Ti på Topp Bjørnafjorden har 14 turmål. Dei som satsar på Bjørnafjorden må derfor supplere med 4 toppar fra Bergen for å oppnå 18 turmål og maks antall turmålpoeng. Det vil også vere muleg for dei som er påmeldt i begge konkurransane å samle poeng fra inntil 4 turmål i Bjørnafjorden sjølv om ein har Bergen som sin hovudkonkurranse, men maks er uansett 18. Merk at turpoeng (dei som er 3 pr tur) kan ein kun samle i hovudkonkurransen sin (der du har oppnådd flest poeng). Hovudgrunnen til dette er at statistikken på Ti-på-topp-sidene ikkje gjer det muleg å hente ut desse poenga på ein enkel måte.
Oppdatering: Fra 19. august er det også muleg å delta i Ti på Topp Askøy og Øygarden. I Telenor Games opnar vi da også opp for at det er muleg å samle poeng fra turmål i denne konkurransen på tilsvarande måte som for Bjørnafjorden. Merk at det kun er 10 turmål i Askøy og Øygarden.


Konkurransen varer fram til 31. oktober (når Ti-på-topp bli avslutta). Poeng blir basert på registrerte turar på http://bergen.tipåtopp.no/deltakere og http://tptbjornafjord.tipåtopp.no/deltakere. Heile 2021-sesongen vil telle. Vi oppfordrar sjølvsagt alle på laget, inkludert reservar til å delta, men kun dei 4 som sankar flest poeng vil telle i konkurransen.

For kvart lag blir det rekna ut ein poengsum for å rangere laga. Så tar ein som vanleg med seg desse rangeringspoenga i Telenor Games sammendraget. Førsteplass gir 12 poeng, andreplass 10 poeng, deretter 8,7,6,5,4,3,2,1. Rangeringspoenga blir bestemt av summen av Turmålpoeng, Turpoeng og Bildepoeng. Sjå detaljar under. I tillegg kjem deltakarpoeng (2 pr deltakar, maks 8 pr lag. For å få deltakarpoeng må ein ha registrert minst eit turmål).

Turmålpoeng (maks 330 poeng pr deltakar):
Kvar deltakar samlar 10 poeng pr unikt turmål. For å oppnå maks score i konkurransen må ein besøke 18 turmål. Inntil 4 av desse kan vere frå ein annan kommune enn den ein har valgt som «hovudkonkurranse». Dersom ein klarer 5 unike turmål får ein 100 bonuspoeng. Dersom ein klarer 10 unike turmål får ein nye 50 bonuspoeng (etter 10 turmål vil ein altså ha oppnådd 250 turmålpoeng). Vi håper dette inspirerer til å bli kjent med nye turmål, og det skal lønne seg å dra med heile laget på 5 eller 10 turmål framfor å prioritere soloturar til dei siste toppane.

Turpoeng (maks 300 poeng pr deltakar):
Fleire turar til samme turmål gir også poeng, men vi ønsker å unngå at det blir samla urimeleg mange poeng på dei enklaste turmåla utan at ein også sjekker ut nye turmål. Derfor gir slike turar færre poeng.
 Kvar tur utover første besøk til eit turmål gir 3 poeng. Maks antall poeng i denne kategorien er 300 (Etter 100 turar pluss dei 18 turmåla er det altså ikkje fleire poeng å hente, men det skulle vel vere litt å strekke seg etter for dei fleste).

Hausdalshorga


Toppbonus

Dei høgste toppane i Ti på topp er Gjønakvitingen (1213 moh) i Bjørnafjord og Hausdalshorga (784 moh) i Bergen. Det laget som har flest turar på desse toppane får ein bonus på 100 poeng, nr to får 50 poeng og nr 3 får 30 poeng. Kvar person på laget kan berre telle med ein av toppane, men laget kan få poeng fra alle toppane. F.eks. kan eit lag ha 3 personar med totalt 10 turar på Hausdalshorga og 1 person med 5 turar på Gjønakvitingen. Det gir "score" 15 i bonuskonkurransen. Dersom den siste personen også har vore på Hausdalshorga vil ikkje det telle med.


Bildepoeng (maks 500 poeng pr lag):
Alle laga som laster opp eit bilde fra eit av turmåla på Telesport si Facebookside (https://www.facebook.com/groups/1904774726413744/) eller på Telesport Bergen si Workplace-gruppe (https://telenor.workplace.com/groups/777674809029854/) får bildepoeng. Ein kan laste opp fleire bilder, men kun eitt bilde vil gi poeng i konkurransen (det som gir størst poengsum). Ein får 100 poeng for bilde av turmål. I tillegg får ein 100 poeng pr lagmedlem som er med på bildet (maks 4x100 poeng). Totalt kan eit bilde altså oppnå 500 poeng.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.