Ein fantastisk dag i Stoltzen
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 29. Sep 2025
Laurdag 27.9. vart ein fantastisk opplevelse for omkring 60 Telenor-deltakarar som fullførte verdas brattaste motbakkeløp i den 46. utgava av Stoltzekleiven Opp. På nytt samla vi ein rekordstor gjeng til det legendariske løpet som kvart år samlar 1000-vis av deltakarar som startar med 10 sekund mellomrom gjennom heile fredag og laurdag den siste helga i september.
Den følelsen du har på toppen av Stoltzen saman med gjengen din må opplevast
Telesport som lokal "arrangør" er stolt over at vi har klart å etablere Stoltzen som eit nasjonalt Telenor-arrangement med støtte fra TIF (Teleidrettsforbundet). Med 28 tilreisande deltakarar vart det igjen ei fin samling av kollegaer på tvers av lokasjonar og avdelingar. Rekrutteringa av nye er også god, og heile 18 var med for første gang og fekk sitt første og sjokkerande møte med den bratte løypa. Vi håper mange har fått lyst til å prøve seg også neste år. Og sjølv om mange lokasjonar var representert med bl.a. Oslo, Trondheim Molde og Gjøvik, håper vi at vi neste år kan få med ein enda større del av landet på denne folkefesten i Stoltzen.
God, men litt nervøs stemning før start...Når det gjeld resultata, så vart ein av debutantane den raskaste av oss. Sindre kom i mål på sterke 10:55, noko som er den raskaste Telenor-tida som pr no er registrert blant ca 200 som har deltatt for Telenor dei siste åra. Raskaste kvinne vart for tredje år på rad Susanne. Ikkje nok med det, ho har også forbedra tida for kvart år og kom i år inn på 11:55 nokon som holdt til å bli nr 7 i den sterkaste klassa 18-34 år. Det verkeleg imponerande! Hugo kapra 3 beste Telenor-tid, og sikra med det Bergen ein plass på Telenor-pallen. Til tross for fellestreningar i Stoltzen og mykje taktikkprat i lunsjen gjennom året, klarte ikkje Bergensgjengen å matche dei tilreisande. Det ser ut som vi fortsatt må jobbe med tiltak for å utnytte heimebanefordelen og gå heilt til topps i den interne konkurransen. Den aller beste plasseringa var det likevel ein veteran fra Bergen som oppnådde med Asbjørn sin andreplass i si klasse.
Også leiinga i Telenor satte sitt preg på løpet. Det har blitt ein tradisjon at CTO'en i Telenor deltar i Stoltzen, og Roger tok denne gangen med seg heile Tech-leiinga til Bergen. Til tross for solid gjennomføring var aldri CTO-rekorden fra 2023 trua i år. Roger måtte derimot finne seg i sterke angrep fra resten av Tech-leiarane som ikkje var redd for å prøve å rykke fra sjefen i dei brattaste delane av løypa.
Dei fleste av oss har ingen ambisjonar om å hevde oss på resultatlistene, men litt samanlikning mot kollegaer, og ikkje minst mot eigne tidlegare resultat blir det gjerne. Og Stoltzen gir ærlege tilbakemeldingar kvart år på korleis forma har utvikla seg sidan året før. Og for dei fleste av oss ein god motivasjon til litt ekstra trening og fokus på kostholdet.
God stemning med matservering, premiering og film fra løpet på After-Stoltz i klubbhuset til Varegg
Viktigare enn idrettsprestasjonar og resultat er likevel det sosiale og meistringa som alle kan oppleve i Stoltzen. Sjølv om nokre brukar meir enn dobbelt så lang tid som andre blir vi likevel samla i mål til lagbilde i løpet av kort tid. Og det korte løpet gjer at alle raskt hentar seg inn og er klare til tradisjonelt After-Stoltz i Sandviken der vi får servert rikeleg med mat og drikke. Og der har alle like store sjansar til å vinne premiane vi trekker ut blant deltakarane. Vi vil gjerne ha med oss enda fleire av dei som ikkje ønsker å ta konkurransen så høgtidleg, eller som føler at forma ikkje er heilt som for 10 eller 20 år sidan, men som likevel stiller opp og konkurrer mot seg sjølv. Og ikkje minst setter vi pris på alle som bidrar til den gode stemninga på After-Stoltz og After-After-Stoltz. For Stoltzen er ikkje ferdig når vi går i mål. Den gode stemninga fra toppen varer heile dagen. Etter offisielt After-Stoltz som Varegg arrangerer for oss, er det også tradisjon med After-After-Stoltz for Telenor i bydelspuben Dr Wiesner. På laurdag fortsatte også ein god gjeng til eit felles måltid og After-After-After-Stoltz i Bergen sentrum denne nydelege haustkvelden.
Nydeleg på siste etappe på veg mot After-After-After-Stoltz i sentrum
Laurdag 26. september 2026 er vi klare igjen, så sett eit kryss i kalenderen!
På Stoltzen sine sider finn ein også alle dei offisielle bilda og resultat.
Våre deltakarar ligg her: http://www.stoltzen.no/bilder/2025/klubb/telenortelesportbergen.html
Resultata våre finn du her: http://stoltzen.no/resultater/2025/resklubb_336.html (merk at det pr 30.9. manglar nokre namn på denne lista. Det er meldt til arrangør og blir nok retta snart).
Stolt gjeng i Stoltzen gleder seg til å møtes igjen i 2026
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.