Ti på Topp 2025
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 21. Apr 2025
1. mai starter ein ny sesong av Ti på Topp! Telesport tilbyr gratis deltaking i Ti på Topp til alle våre medlemmar. Vi håper dette vil gi mange inspirasjon til å kome seg ut på tur. Du får tilgang til kart og vegbeskrivelsar til turmål, og det er ein fin måte å bli kjent med nye turar på. Også ein mulegheit til å gjere noko saman med kollegaer, og ikkje minst ein fin måte å få litt variert trening på. Kanskje får vi også til nokre fellesturar i år.
Ulriken er ein av toppane i år og neppe ein ny tur for dei fleste, men ein fin treningstur og flott utsikt.
I år som i fjor kan du i tillegg til dei fine opplevelsane og trim få med deg nokre premiar. Bedriftsidrettskretsen deler ut ein del premiar, bl.a til alle som besøker ti forskjellige turmål. Vi er også med i konkurransen mot andre bedrifter. I tillegg vil vi som ein ekstra motivasjon dele ut nokre internpremiar i Telesport.
Ein av turane i år er Stoltzen, så kombinasjonen av trening til Stoltzekleiven opp og Ti på Topp blir vinn-vinn. Hugs også påmeldinga til Stoltzen.
Korleis kjem du i gang?
Det enklaste er å bruke Ti på Topp appen. Om du ikkje har installert den alt, så begynner du med dette.
I påmeldingsprosessen vil du ha behov for betalingskoden (rabattkode). Medlemmar mottar koden på epost 21. april fra Helge Ytre-Hauge. Mangler du koden, ta kontakt med nokon i styret i Telesport.
I appen går du til menyvalget "Finn en konkurranse" og velger "Bli med" på aktuell konkurranse.
Pass på å velge "Bedrift" som type deltakelse, og "Telesport Bergen" som bedrift. I neste steg velger du å delta "direkte under Telesport Bergen".
Når du kjem til "Velg pris" bruker du rabattkoden som gir deg gratis deltaking.
Og så er du i gang. Kontakt styret dersom du får problemer med påmeldinga. Du kan også treffe oss på stand på Kokstad 29. april. Der svarer vi på spørsmål og hjelper deg med påmeldinga ved behov.
Du finn meir info her: Ti på Topp Bergen
Det kan også vere lurt å følge Ti på Topp på Instagram og Facebook. Der blir også turmåla annonsert fram mot 1. mai.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.