Ti På Topp Vinter 2024/25 fra 1. desember
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 28. Nov 2024
Vestland Bedriftsidrettskrets arrangerer Ti På Topp Vinter Bergen fra 1. desember, og Telesport har igjen inngått ein avtale som gjer at medlemmane kan delta utan å betale deltakaravgifta på kr 200. Påmeldingskode for gratis deltaking blir sendt på epost til alle medlemmar. Hugs å velge bedrift "Telenor" (ikkje Telesport denne gangen) når du melder deg på. Dersom du treng guiding for riktig registrering i appen kan du sjå på oppskrifta med skjermbilder fra i fjor som ligg her: Ti på Topp Vinter 2023/24.
Mange har vore med på Ti På Topp tidlegare og kjenner opplegget. For dei som ikkje er kjent med opplegget, kan du lese meir her: Ti på Topp Vinter
Fine fjell og andre turmål i Bergen - også på vinteren
Med Ti På Topp appen får du tips til ca 15 turmål i Bergen og god guiding på korleis du kjem deg dit. Det er også eit poengsystem der ein kan vinne premiar. I motsetning til sommarkonkurransen er det ikkje nødvendig å besøke mange turmål for å kunne vinne premiar. Alle som har 15 poeng er med i trekninga. I tillegg vil vi også denne gangen ha internpremiering i Telesport som ein ekstra motivasjon. Her kan alle vinne, men dess fleire poeng du har, dess større blir vinnarsjansane.
Ti På Topp Vinter har stort sett enkle turmål som ein kan rekke i det korte dagslyset eller som er enkle å gå med hodelykt. Nokre er til og med opplyst av lysløyper. Ein finn også lengre turar for dei som ønsker det. Sjølv om ikkje alle turane er så lange, er det viktigaste å kome seg litt ut også på vinteren. Det er bra for helsa og gir nytt overskudd. Vi håper mange lar seg inspirere til å kome seg ut på tur. Ta gjerne med familien eller ein kollega!
Ta kontakt med Helge Ytre-Hauge eller andre i styret om du ikkje har mottatt koden eller har andre spørsmål om opplegget. Koden vart sendt 28.11. ca kl 17:05 fra "Telesport Bergen nyhetsbrev@email.newsletter-bloc.no".
Legg gjerne ut bilder og tips fra turane til inspirasjon for oss andre!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.