Rebusløp og finale i Telenor Games
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 10. Nov 2024
Mykje har skjedd i Telesport-regi denne hausten, og det starta med eit kjempearrangement like etter sommarferien. Rebusløp eller rebusvandring, dvs ein kombinasjonen av rebusoppgaver og byvandring, har blitt ein tradisjon og har dei siste åra inngått som ein av øvelsane i Telenor Games. Fredag 23. august var det igjen klart for rebusløp og 6 lag var klare til å prøve seg på oppgaver frå den nykomponerte arrangørkomiteen.
For første gang på mange år fekk vi tradisjonelt Bergens-ver med nedbør og samlinga med utdeling av oppgaver ved Den Blå Steinen gjekk defor raskt, og dei fleste laga fann nok ein plass innandørs der dei kunne gå i gang med oppgaveløysinga. Dei 35 deltakarane vart i år altså delt inn i 6 lag. Inndelinga var i hovudsak gjort etter Telenor Games, men sidan nokre av laga hadde litt få deltakarar var det fire lag som vart slått saman til to lag. Likevel vart det gjort på ein slik måte at det fortsatt var ein open kamp i Telenor Games samandraget.
Litt våt start på årets rebusløp
Laga fann fort ein tørr plass for oppgaveløysing
Mens laga var ute i byen og løyste oppgaver jobba komiteen med å få målområdet klart. Arrangørkomiteen hadde funne eit nytt lokale som viste seg å vere perfekt til eit slikt arrangement. Vi disponerte «Loftet» i Kulturhuset Bergen (i Vaskerelven 8). Der hadde vi mulegheit for servering av mat og drikke, plass til premieutdeling og nødvendig utstyr for å gå gjenmom oppgaver og svar.
Lokalet i Vaskerelven blir gjort klart til mottak av rebusløpdeltakarane
Når klokka nærma seg 20 begynte laga å finne fram til mål. I år var det innført poengtrekk for kvart 5 minutt forseinka innlevering, og det bidrog nok til at dei fleste laga var på plass i tida. Dei som klarte å løyse alle 20 rebusoppgavene måtte finne ein måte å kome seg rundt til alle måla avmerka i figuren under. Ein må rekne med å gå 5 km for å besøke alle måla, og kanskje meir om ein virrer litt rundt. Så litt fysisk aktivitet blir det sjølv om det ikkje er hovudformålet.
Løypeavgrening og årets rebusmål (Lage fekk kun eit kart med den raude avgrensingsramma, og måtte sjølvsagt finne adresse sjølv).
B-laget er i mål nokre minutt før tidsfristen og ser sjølvsikre ut etter innlevert besvarelse. Er det dårleg nytt for dei andre laga og betyr det at B-laget planlegger å klatre oppover fra fjorårets 3-plass?
Mens juryen gjekk gjennom innleveringane fekk vi servert gryterett som såg ut til å falle i smak. Juryen hadde kanskje eit håp om at det også skulle dempe protestane når fasiten vart gjennomgått, men som vanleg viste det seg at fleire av løysingane førte til protestar og heftige diskusjonar. Til slutt kom vi likevel gjennom og det viste seg at diskusjonspunkta uansett ikkje påverka rekkefølgen. Men 20 oppgaver kunne ein i teorien oppnå 40 poeng. Komiteen hadde forsøkt å lage oppgaver slik at dei flieste skulle klare å løyse nokså mange oppgaver samtidig som det skulle vere muleg å skille laga. Det viste seg at vart ganske bra treff, og poengsummane varierte til slutt fra 19 til 34 når også straffepoeng var tatt med. Under ser vi resultata, og det var altså B-laget som gjekk til topps tett følgt av Lag X og Team Top Floor.
Resultat i rebusløpet 2024 (laga med lik poengsum var dei samanslåtte laga i rebusløpet)
Her ser vi topp-3-laga i årets rebusløp. Vinnarane B-laget foran Lag X og Team Top Floor.
Dermed vart det medaljar til B-laget og dei tok med seg full score fra denne øvelsen inn i Telenor Games samandraget. Meir om korleis det gjekk i Telenor Games samandraget finn du i Telenor Games Pokalen er delt ut for 2024.
Arrangørkomiteen mottok også ein velfortent takk og blomsterbukett fra Telesport som takk for eit flott arrangement og ein fantastisk jobb i forkant og under arrangementet. Stor takk til Beate, Asbjørn, Helge og Anja! (Beate var ikkje tilstades, men var sentral i oppgaver og anna planlegging). Komiteen hadde i år Helge og Anja som nye medlemmar i tillegg til dei erfarne arrangørane Beate og Asbjørn. Som annonsert tidlegare er det opent for fleire personar i komiteen, så kan du tenke deg å vere med på å tenke ut oppgaver til neste år så er det berre å gi beskjed til styret eller ein av dei i komiteen. Det blir ganske sikkert rebusløp også neste år.
Arrangørkomiteen
Var du ikkje med på rebusen og lurer på nivået? Her er nokre oppgaver du kan prøve deg på:
Denne klarte samtlige lag å finne ut av, og tok dermed turen til Festplassen.
Denn var litt verre, men heile 4 av laga fant riktig svar. I tillegg måtte ein svare på «Hvor mange hjerter er tagget på inngangsdøren (inne i korridoren)?
Tilsynelatande enkel rebus, men ei av dei vanskelege oppgavene som kun 2 av laga klarte å svare på.
Dette viste seg å bli årets nøtt, og den einaste oppgava som ingen av laga klarte å finne ut av innanfor tidsrammene. Dermed var det heller ingen som klarte å svare på «Når stenger det på fredag ifølge teksten på inngangsdøren?
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.