Ti på Topp 2024

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 22. Apr 2024

1. mai starter ein ny sesong av Ti på Topp! Telesport tilbyr gratis deltaking i Ti på Topp til alle våre medlemmar. Vi håper dette vil gi mange inspirasjon til å kome seg ut på tur. Du får tilgang til kart og vegbeskrivelsar til turmål, og det er ein fin måte å bli kjent med nye turar på. Også ein mulegheit til å gjere noko saman med kollegaer, og ikkje minst ein fin måte å få litt variert trening på. I år prøver vi også å få til nokre fellesturar. Meir info om dette kjem snart.

Ti på Topp byr på turar heilt fra fjøresteinane til bynære turmål og til dei høgste toppane i Bergen

Slettegga er blant dei høgste toppane i år, og går du tidleg i mai får du sikkert eit glimt av snø også.

I år som i fjor kan du i tillegg til dei fine opplevelsane og trim få med deg nokre premiar. Bedriftsidrettskretsen deler ut ein del premiar, bl.a til alle som besøker ti forskjellige turmål. Vi er også med i konkurransen mot andre bedrifter. I tillegg vil vi som ein ekstra motivasjon dele ut nokre internpremiar i Telesport, både til dei ivrigaste og til dei heldigaste. 

Ein av turane i år er Stoltzen, så kombinasjonen av trening til Stoltzekleiven opp og Ti på Topp blir vinn-vinn. Hugs også påmeldinga til Stoltzen. I år er faktisk alle byfjella med, så om du tar ein 7-fjellstur kan du sjekke inn heile 7 toppar på ein dag!


Korleis kjem du i gang?

Det enklaste er å bruke Ti på Topp appen. Om du ikkje har installert den alt, så begynner du med dette.

I påmeldingsprosessen vil du ha behov for betalingskoden (rabattkode). Medlemmar mottar koden på epost 22. april fra Telesport Bergen. Mangler du koden, ta kontakt med nokon i styret i Telesport.

I appen går du til menyvalget "Finn en konkurranse" og velger "Bli med" på aktuell konkurranse.

Merk at "Bergen" og "Askøy og Øygarden" er to ulike konkurransar. Vi reknar med at dei fleste er med i Bergens-konkurransen, men sidan vi har ein del medlemmar som bur i Askøy og Øygarden (i tillegg til enkelte svært ivrige turgåarar) har vi eit tilbod i begge konkurransar. I fjor var fordelinga ca 40-10.


Pass på å velge "Bedrift" som type deltakelse, og "Telesport" som bedrift. I neste steg velger du å delta "direkte under Telesport".

Når du kjem til "Velg pris"  bruker du rabattkoden som gir deg gratis deltaking.

Og så er du i gang. Kontakt styret dersom du får problemer med påmeldinga. Du kan også treffe oss på stand på Kokstad 30. april. Der svarer vi på spørsmål og hjelper deg med påmeldinga ved behov.

Du finn meir info her:

Ti på Topp Bergen

Ti på Topp Askøy & Øygarden

Det kan også vere lurt å følge Ti på Topp på Instagram og Facebook. Der blir også turmåla annonsert fram mot 1. mai.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.