Premiedryss i Ti På Topp Vinter

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 9. Apr 2024

Ti på Topp Vinter er avslutta, og det er tid for ei oppsummering. Også denne vinteren hadde vi mange ivrige turgåarar til tross for til dels utfordrande ver og føre gjennom vinteren. Vi hadde heile 4 inne på topp-10 i konkurransen. Åshild vart som fleire ganger før vår ivrigaste representant og endte som nr 3 med 70 poeng etter å ha besøkt alle 15 turmåla og til saman vore på 66 turar i løpet av desember, januar og februar. Tett bak følgde Anne Elisabeth, Beate og Svein-Magne. Men alle 19 som registrerte turar bidrog til at Telesport Bergen gjekk heilt til topps i bedriftskonkurransen i Ti På Topp Vinter. Vi er øverst på lista både i snittpoeng pr deltakar og i totalpoeng. Stor takk til alle som deltok for Telesport!


Som tidlegare annonsert lodder vi også i år ut nokre premar blant deltakarane. Dette vil skje 30. april når Telesport planlegger ein stand på Kokstad. Dersom du møter opp kl 12 ved kantina kan du få med deg trekninga på direkten. Her kan alle vinne, men dei som har flest poeng vil ha størst vinnarsjansar. Under ser du korleis vinnarsjansane er fordelt. Nokre har alt vunne premiar fra arrangøren. Faktisk var heile 3 av 5 som vart trekt ut som premievinnarar blant dei som hadde minst 15 poeng fra Telesport. Gratulerer til Beate, Anja og Knut-Inge!

Våre 2 ivrigaste turgåarar kom også til finalen i bildekonkurransen. Åshild og Anne Elisabeth var blant dei fem som var med i avstemninga om årets vinterbilde. Under finn du deira blinkskot.

Anne Elisabeth sitt finalebilde


Åshild sitt finalebilde

1. mai starter ny Ti på Topp sesong. Det ser ut som opplegget blir omtrent som i fjor, og annonsering av turmål pågår. Du finn info både på internett og på Facebok-gruppene "Ti på Topp Bergen" og "Ti på Topp Askøy & Øygarden". Telesport jobber med å legge til rette for at medlemmane også i år kan registrere seg gjennom ein bedriftsavtale. Meir info om dette kjem snart. Og fram til  det er det sjølvsagt flott å gå på tur også når det ikkje er del av ein konkurranse.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.