Bergen i Holmenkollstafetten?

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 12. Mar 2024

Laurdag 4. mai er det Holmenkollstafetten. I fjor var det over 20 lag med fra Telenor. Det blir satsa på dette også i år, og alle Telenor-ansatte er invitert til å delta. I fjor prøvde vi å stable på beina eit Bergens-lag, men det endte med at vi vart 3 stk som deltok på mix-lag. Vi klarer nok ikkje å stille eit eige lag i år heller, men kanskje blir vi fleire enn i fjor som deltar? Det er ein opplevelse å bli med på dette store idrettsarrangementet, og ikkje minst er det kjekt å bli med på After-run - festen der alle Telenor-deltakarane møtes.

Du melder deg på ved å gå til TIF si påmeldingsside. Der finn du også meir info om arrangementet. Hugs at det også er ei separat påmelding til After-run. TIF dekker kostnadane ved påmelding og After-run. Eventuelt kan du melde deg på via ein lagleiar. Det er mange som prøver å sette saman lag i avdelingar og divisjonar. Kanskje er det eit lag i din del av Telenor som du kan henge deg med på? Dersom du melder deg på, gi også beskjed til Helge Ytre-Hauge eller andre i Telesport-styret, så har vi ein viss oversikt over kven fra Bergen som er med. Ta også kontakt for å få oversikt over dei økonomiske støtteordningane for reisekostnader etc.


Målgang på Bislett Stadion

Absolutt siste frist for påmelding er 21. april 2024, men meld deg på så snart som muleg. Ikkje minst lønner det seg å bestille reise umiddelbart.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.