Ti På Topp Vinter fra 1. desember

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 20. Nov 2023

-
timer
-
minutter
-
sekunder

Vestland Bedriftsidrettskrets arrangerer Ti På Topp Vinter Bergen fra 1. desember, og Telesport har igjen inngått ein avtale som gjer at medlemmane kan delta utan å betale deltakaravgifta på kr 200. Påmeldingskode for gratis deltaking blir sendt på epost til alle medlemmar. Hugs å velge bedrift "Telesport Bergen" når du melder deg på (sjå nokre tips og screenshots om påmelding lenger nede).


Mange har vore med på Ti På Topp tidlegare og kjenner opplegget. For dei som ikkje er kjent med opplegget, kan du lese meir her: Ti på Topp Vinter

Vinterbilde fra Livarden

 

Med Ti På Topp appen får du tips til 15 turmål i Bergen og god guiding på korleis du kjem deg dit. Det er også eit poengsystem der ein kan vinne premiar. I motsetning til sommarkonkurransen er det ikkje nødvendig å besøke mange turmål for å kunne vinne premiar. Alle som har 15 poeng er med i trekninga. I tillegg vil vi også denne gangen ha internpremiering i Telesport som ein ekstra motivasjon. Her kan alle vinne, men dess fleire poeng du har, dess større blir vinnarsjansane.

Ti På Topp Vinter har stort sett enkle turmål som ein kan rekke i det korte dagslyset eller som er enkle å gå med hodelykt. Nokre er til og med opplyst av lysløyper. Ein finn også lengre turar for dei som ønsker det. Sjølv om ikkje alle turane er så lange, er det viktigaste å kome seg litt ut også på vinteren. Det er bra for helsa og gir nytt overskudd. Vi håper mange lar seg inspirere til å kome seg ut på tur. Ta gjerne med familien eller ein kollega!


Ta kontakt med Helge Ytre-Hauge eller andre i styret om du ikkje har mottatt koden eller har andre spørsmål om opplegget.


Legg gjerne ut bilder og tips fra turane til inspirasjon for oss andre!

Under ser du nokre skjermbilder fra påmeldingsprosessen i appen, og nokre tips til kva valg du bør gjere for å bli riktig registrert. 



Du må velge type deltakelse "Bedrift"

 

Pass på at du velger "Telesport Bergen". Du skal ikkje opprette bedrift. Telesport Bergen er alt definert. Dersom ein gjer feil valg er det muleg å endre i ettertid.

 



Vi anbefaler påmelding direkte under Telesport Bergen. Da får du rask oversikt i appen over alle fra Telesport som du "konkurrerer" mot. Du kan også registrere deg på eit bedriftslag om du ønsker å høyre til ei eiga gruppe. Du vil fortsatt høyre til Telesport Bergen, men du er også med på eit lag. Eit lag kan ha maks 8 deltakarar. Dersom du deltar på eit lag, så vil du f.eks. kun få oversikt over dei på laget ditt i menyen "Rangering" i appen (og dei andre i Telesport som ikkje er på ditt lag, vil heller ikkje sjå deg i rangeringa). På websidene er det uansett muleg å få opp oversikt/rangering for heile bedrifta Telesport Bergen.

 


Når du kjem til "Velg pris" bruker du påmeldingskoden du har fått tilsendt på epost (epost fra Telesport Bergen  sendt ut mandag 20.11. ca kl 16)


Merk at før 23.11. var det nokre feil i settingane på konkurransen som gjorde at det ikkje var muleg å melde seg på som direktedeltakar under bedrift Telesport Bergen. Da vart det definert bedriftslag Telesport Bergen 1 og 2 som nokre vart påmeldt. Dette vart retta opp i av arrangør og pr 23.11 er alle dei 16 som vart påmeldt før dette registrert som deltakar direkte under Telesport Bergen. Etter dette var det også behov for nokre justeringar, men fra 28.11. skal alt vere ok og påmelding etter oppskrifta over skal vere ok.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.