Ti på Topp 2023

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 5. Nov 2023

31. oktober var siste dag for årets Ti-på-topp-sesong. Totalt har Telesport registrert 1565 turar i løpet av eit halvtå. Det tilsvarer 6200 km om ein har gått rutene som er foreslått i Ti-på-topp appen. Ein fantastisk innsats, mykje god trening og flotte naturopplevelsar. Og no starter også premiedrysset over dei ivrige deltakarane.

Sola på veg ned over Askøy og Øygarden sett fra Rundemanen, eit av årets turmål i Ti-på-Topp Bergen

 

Premieutdeling 8. november

Som ein del av konkurransen og inspirasjon til deltaking gir vi ein mulegheit for nokre premiar til deltakarane våre. I forbindelse med kick-off for ny Telenor Games sesong feirer vi også innsatsen i Ti-på-Topp. Det skjer 8. november kl 17 i Kong Oscar Biljard og spillehall. Der blir det premier til alle som har besøkt alle 18 turmåla i Ti-på-topp Bergen eller alle 16 turmåla i Ti-på-topp Askøy/Øygarden. Det ser ut som heile 18 stk er kvalifisert til desse premiane. Alle andre er med i trekning av premiar, og kvar tur gir eit lodd i lotteriet. Totalt er det 338 lodd med i trekninga. Jorid har heile 136 av desse og må ha uflaks for ikkje å vinne, men alle har ein sjanse

Premiar fra Vestland Bedriftsidrettskrets og sponsorar

Som vanleg er det også deltakarpremiar fra Vestland bedriftsidrettskrets og deira sponsorar. Fra oss er det i år 20 som har gått til minst 10 turmål i Bergen og som med det er kvalifisert til deltakarpremie. Det same gjeld 5 av deltakarane i Askøy/Øygarden. Så totalt 25 premiar ventar på oss fra Vestland bedriftsidrettskrets. I tillegg er Frode Nyhammer årets turgåar i Askøy/Øygarden med 202 innsjekk i løpet av sesongen. Frode bidrog med det også saman med Helge, Irmelin, Gunhild, Åshild, Anne Elisabeth, Katharina og Bjørg til at vi blir årets Turbedrift i Askøy/Øygarden. Åshild, Anne Elisabeth og Helge er også med i konkurransen om årets turbilde (sjå info lenger nede om avstemning).

Suksess i lagkonkurransane

Vi er altså den bedrifta med høgast poengsnitt blant deltakarane i Askøy/Øygarden. I år var det ein tett fight med Intermec som låg foran oss på resultatlista til langt ut i september. Men ein skikeleg laginnsats og turiver utover hausten gjorde at vi til slutt vant med ganske god margin. I tillegg til Frode var både Helge og Irmelin inne på topp-10-lista for Askøy/Øygarden.

I Bergen er det tøff konkurranse, men vi har faktisk heile 4 deltakarar som er inne på topp-10-lista. Som fleire tidlegare år er Åshild på topp i Telesport, og denne gangen nr 5 blant alle i Bergen. Anne Elisabeth, Beate og Jorid følger ganske tett bak og er alle inne på topp-10-lista. Også i Bergen hadde vi ein imponerande laginnsats og innspurt på slutten av konkurransen. I løpet av den siste veka gjekk vi forbi Multiconsult som den bedrifta med totalt flest poeng i Bergen. Vi har klart heile 1245 insjekk og endte dermed 7 poeng foran Multiconsult til tross for at vi var færre deltakarar. Vi kom også foran DNB, Sweco og Helse Bergen som alle hadde fleire deltakarar enn oss.

I den offisielle konkurransen er det snittpoenga som gjeld og der endte vi på 3. plass i Bergen. Her kjempa vi lenge jamnt med MBF Automat, men mot slutten drog vi i fra og var faktisk veldig nær å nå igjen BIR som gjennom det meste av sesongen låg langt foran oss. Igjen ein fantastisk laginnsats og god innsats til siste dag av konkurransen. Vi ser også at mange har kniva internt om å få mest poeng og det har blitt gått og sprunge både lange og hyppige turar fra mange. Det kan ikkje vere tvil om at mange av oss har kome i bedre form gjennom Ti-på-Topp i år.



Stem på årets bilde?

Fram til kl 12:00 mandag 6. november kan du stemme på årets bilde. Det er 5 kandidatar som er plukka ut i kvar konkurranse, og heile 3 av desse er faktisk tatt av Telesport-deltakarar! Avstemninga foregår på Facebook (Facebook Ti-på-Topp Bergen og Facebook Ti-på-Topp Askøy og Øygarden) og Instagram(@tipaatoppbergen og @tipaatoppaskoyoygarden). Under ser du kandidatane som er plukka ut fra Åshild, Anne Elisabeth og Helge fra Telesport

Tur til Veten med utsikt mot Nordhordland

 

Dethloff-hytta i Øygarden

 

 Solnedgang ved Dethloff-hytta i Øygarden

 

Bli med på Ti-på-Topp Vinter

Ti-på-Topp Vinter starter 1. desember og går fra desember til februar. Styret har beslutta at vi deltar på dette også i år. Informasjon om dette og påmeldingskode blir sendt til medlemmane når det nærmar seg. 

Vi håper mange lar seg inspirere til å kome seg ut på tur, både for naturopplevelsen, trening/mosjon, og for å få litt dagslys innimellom gjennom vinteren. Som vanleg blir det eit lite konkurranseelement og mulegheit til å vinne premiar.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.