Rekord for Telenor i Stoltzen 2023

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 1. Okt 2023

Ein rekordstor gjeng fra Telenor nådde toppen av Stoltzen laurdag 30. september. Aldri før har så mange frå Telenor vore samla i verdas brattaste motbakkeløp. Som vanleg var det brattare enn nokon kunne hugse, og til tross for mange advarslar i forkant, kom det som eit sjokk på debutantane  Likevel fullførte alle 49 i fin stil, og gjorde seg fortent til den eksklusive Stoltze-T-skjorta. Det er det vi kaller #råbra!

Ein stolt gjeng fra Telenor samla i tradisjonelt Bergens-vær på toppen av Stoltzen

 

Det var også rekordmange tilreisande frå andre byar i år. Heile 20 av dei 49 på toppen høyrer ikkje til Bergens-kontoret, men kom fra Oslo, Trondheim og Lillehammer for å delta saman med oss i Bergen. Mange var med for første gang. Og det å møte kollegaer på tvers av lokasjonar og avdelingar er ein fantastisk side-effekt av slike arrangement. Mange relasjonar har blitt knytta og styrka gjennom denne helga. Vi i Telesport Bergen håper enda fleire blir med sine lokale idrettslag og tar turen til Stoltzen neste år.

For andre år på rad vart Jørgen den raskaste av alle fra Telenor. Til tross for tung maraton-trening i kroppen forbedra han tida til 11:14, og klatrer dermed opp på 2-plass på den offisielle Telenor-rankingen. Så da blir det nok eit nytt forsøk på å ta rekorden neste år. 

Christer tok også turen til Stoltzen for 2. gang og var tydelegvis godt forberedt. Ei forbedring av sin eigen Telenor-CTO-rekord med over 1 minutt er sterkt. Sterkt var det også at dei aller fleste i Technology-leiinga stilte saman med Christer og fekk sitt første møte med Stoltzen. Eit par av dei tok også sjansen på å vere raskare enn sjefen til toppen.

Ser vi på resultatlistene, så var det i år Hugo Olsen og Frode Nyhammer som fekk dei beste plasseringane i sine klasser. Dei vart begge nr 9. Beate gjorde det også godt i sin 15. Stoltzen-start med ein 10. plass i sin klasse. Imponerande var det også av Susanne som var med for første gang og vart nr 11 i kvinner 18-34 år. Dette er den største kvinneklassen med over 600 deltakarar og blant dei også eliteutøvarar med VM-gull fra tidlegare i år. Også ein fantastisk 22. plass i same klasse til Rebekka.

Klart til start 11:00:20

 

Dei fleste av oss har ingen ambisjonar om å hevde oss på resultatlistene, men litt samanlikning mot kollegaer, og ikkje minst mot eigne tidlegare resultat blir gjerne. Og Stoltzen gir ærlege tilbakemeldingar kvart år på korleis forma har utvikla seg sidan året før. Alternativa er stigande eller synkande trend...

 

Men viktigare enn idrettsprestasjonar og resultat er det sosiale og meistringa som alle kan oppleve i Stoltzen. Sjølv om nokre brukar meir enn dobbelt så lang tid som andre blir vi likevel samla i mål til lagbilde i løpet av kort tid. Og det korte løpet gjer at alle raskt hentar seg inn og er klare til tradisjonelt After-Stoltz i Sandviken der vi får servert rikeleg med mat og drikke. Og der har alle like store sjansar til å vinne premiane vi trekker ut blant deltakarane. Vi vil gjerne ha med oss enda fleire av dei som ikkje ønsker å ta konkurransen så høgtidleg, eller som føler at forma ikkje er heilt som for 10 eller 20 år sidan, men som likevel stiller opp og konkurrer mot seg sjølv. Og ikkje minst setter vi pris på alle som bidrar til den gode stemninga på After-Stoltz og After-After-Stoltz. For Stoltzen er ikkje ferdig når vi går i mål. Den gode stemninga fra toppen varer heile dagen. Etter offisielt After-Stoltz som Varegg arrangerer for oss,  er det også tradisjon med After-After-Stoltz for Telenor i bydelspuben Dr Wiesner. På laurdag fortsatte også ein del til After-After-After-Stoltz i Bergen sentrum.

28. september 2024 er vi nok klare igjen, så sett eit kryss i kalenderen!

På Stoltzen sine sider finn ein også alle dei offisielle bilda og resultat.

Våre deltakarar ligg her: http://www.stoltzen.no/bilder/2023/klubb/telenortelesportbergen.html

Resultata våre finn du her: http://stoltzen.no/resultater/2023/resklubb_336.html


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.