Telesport i toppen i Ti-På-Topp

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 2. Sep 2023

Det er fortsatt 2 mnd igjen av Ti-På-Topp og mange mulegheiter til fine haustturar. Det er heile 38 som har registrert seg for Telesport i Ti-På-Topp Bergen og så langt har 836 turar blitt gått. Det gir eit snitt på 22 og betyr at vi er nr 4 på den offisielle bedriftslista. Men ser vi på resultata til bedrifter med meir enn 15 registrerte er vi heilt på topp. Og om vi ser på totalpoeng er vi nr to på lista over alle, kun 39 poeng bak Multiconsult, men dei har til gjengjeld 52 deltakarar mot våre 38. Alt i alt imponerande innsats av Telesport, og kjenner eg gjengen rett vil vi fortsette å samle poeng heilt ut oktober, så kanskje er vi på toppen i fleire kategoriar når sesongen er over. 

Det viktigaste er  likevel fine naturopplevelsar og trening som desse turane gir, og eg håper enda fleire kjem seg ut på tur i haust! Som vanleg kan vi også i slutten av sesongen love at det blir ein del premiar å hente for dei som har deltatt. Skal du vere heilt sikkert på premie bør du besøke alle turmåla, men alle turar vil gi lodd i loddtrekninga, så alle har mulegheiter til å vinne fine premiar. Og har du registrert seg som deltakar, men ikkje kome heilt igang eller har gløymt registreringane, så er det heller ikkje for seint. Det er nok av turmål å velge mellom, både korte og lange turar. Nokre av turane fungerer også fint når det er vått og mørkt.


Ti-På-Topp Bergen pr 2. september 2023 kl 12.

 

I Ti-På-Topp Askøy/Øygarden hevdar vi oss som vanleg sterkt i konkurransen. Pr no ligg vi som nr to i lagkonkurranse bak Intermec. Dei har kontor rett ved Brikafjellet på Askøy og det går rykter om at insjekkingssirkelen på Brikafjellet var så stor tidlegare i sesongen at dei kunne sjekke inn fra lunsjrommet. Eg veit ikkje om det stemmer, men no må ein i alle fall opp på Brikafjellet for å sjekke inn, og kanskje har vi ein sjanse til å ta innpå utover hausten? No ligg dei ca 5 snittpoeng foran oss, og det er vel ikkje umuleg for våre 10 deltakarar å ta inn i løpet av september og oktober?

Ti-På-Topp Askøy/Øygarden pr 2. september 2023 kl 12

 

God tur til alle! Hugs at kveldane blir mørkare, så ta gjerne med ei lite lykt i sekken eller lomma slik at du kjem trygt fram. Og ta gjerne med ein venn eller kollega på tur!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.