Spennande finale i Telenor Games

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 27. Aug 2023

Som kjent var det rekordjamnt før finalen. Kun 3 poeng skilte dei tre øverste laga, TelenorKAMeratene, B-laget og Aksessalliansen etter 5 øvelsar. Og bak jaga Team Top Floor. I finalen vart det som vanleg kjempa om opp til 20 poeng og spenninga var stor når poengsummane etter Rebusvandringa vart annonsert (Les alt om rebusvandringa på linken).

Etter ein uhyre spennande finale gjekk B-laget heilt til topps i Telenor Games 2023, og dei sikra seg med det vandrepokalen og kan nyte synet av lagnamnet på pokalen i sona på Kokstad heile det neste året. Med dette har også B-laget vunne Telenor Games to år på rad. Gratulerer!


Aksessalliansen var kun 1 poeng bak etter 6 øvelsar, men måtte altså ta til takke med 2. plass. Likevel ein fantastisk innsats og gode resultat denne sesongen. Med seier i siste runde sikra Team Top Floor nok ein gang ein pallplass i Telenor Games. Denne sesongen var det med eit nødskrik etter at TelenorKAMeratene hadde levert veldig sterke resultat gjennom heile sesongen, og Team Top Floor har innimellom slitt med å stille fullt lag. Men i finalen kunne dessverre ikkje TelenorKAMeratene stille lag i det heile tatt og vart ståande med 0 poeng. Likevel berga dei ein 4.plass foran Lag X og Signalling Storm. Alle resultata kan studerast i figur og tabell under.

Alle poengsummane gjennom heile sesongen samla i ein tabell.

 


Topp-3-laga vart belønna med gavekort på Splitt Sportsbar der dei kan bygge laget vidare og kanskje perfeksjonere seg i bowling, dart eller shuffleboard

I Telenor Games er innsats og deltaking viktig og alle skal ha ein sjanse på premiane. Derfor vart det også i år gjort ei trekning blant laga utanfor topp-3, og premien er den same som vinnarlaget får. Og ikkje minst feira vi heile Telenor Games sesongen og den fantastiske innsatsen fra alle laga med mat og drikke og god stemning i Cornerteateret etter Rebusvandringa.

I trekninga var det Lag X som trakk det lengste strået og som dermed fekk same premie som vinnarlaget.

 


Laga er i ferd med å samlast i Kongesalen i Cornerteateret, mens vi ventar på pizzaservering og kåring av vinnarar. Og i bakgrunnen jobbar juryen for Rebusløpet på spreng.

 

Påmelding til ny sesong av Telenor Games startar snart. Da håper vi enda fleire enn dei 54 som var med i år melder seg på. Det vil vere muleg å melde seg på lagvis eller som enkeltdeltakar og bli tildelt eit lag. Følg med på annonsering og registrer deg for neste sesong!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.