God stemning på årets Rebusvandring

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 27. Aug 2023

Rebusløp eller rebusvandring, dvs ein kombinasjonen av rebusoppgaver og byvandring, har blitt ein tradisjon og har snart pågått i "manns minne" med litt ujamne mellomrom. Fredag viste byen seg igjen fra si beste side og laga ei flott ramme rundt arrangementet. For andre år på rad var dette også siste konkurransen i Telenor Games sesongen og premieutdeling og den sosiale samlinge etter rebusløpet vart dermed ei kombinert feiring av rebus og Telenor Games.

Deltakarane samla ved Den Blå Steinen før start

Som alltid vart laga delt inn og oppgavene delt ut ved Den Blå Steinen. I år var det 6 lag og totalt 33 deltakarar med (i tillegg til arrangørkomiteen). I oppholdver og fin sommartemperatur storma mange av laga til nærmaste uteservering for å sette seg inn i oppgavene og løyse flest muleg av rebusane.

Team Top Floor går systematisk til verks og har merka av alle måla i kartet før dei legg ut på vandringa

Med eit par feilskjær og litt virring fram og tilbake viser det seg at løypa blir 7-8 km før målet er nådd i Cornerteateret på Møhlenpris. For dei som synes dette høyres avskrekkande ut så kan vi røpe at arrangørkomiteen alt ser på korleis løypa kan gjerast kortare neste år. I tillegg er det jo ulike strategiar blant laga på korleis ein kan besøke alle postane. Aksessalliansen løyste avstandsproblema med El-sykkel og det var tilløp til diskusjonar mellom laga som møttes rundt omkring i byen om dette kunne vere innanfor reglementet...


Ved Nøsteboden pågår det intens telling av tagger i borden over inngangen. Samtidig blir det spekulert i om det er riktig dør og om både øvre og nedre bord skal tellast. Dei erfarne deltakarane tar bilder som bevis i tilfelle det blir krangel med komiteen om kva dør som er riktig og kva som er taggar og ikkje.

 

 

Er det 31 eller 32 trinn i Dragefjellstrappen? Og bllir det samme resultat om ein teller fra bunnen som fra toppen? Og kva er eit trinn no igjen? Deltakarane må løyse mange oppgaver i rebusvandringa.



 

Mens nokre av laga reinskriv svara på uteserveringen ved Cornerteateret, trekker andre inn i Kongesalen der komiteen har dekka opp med kvite dukar på borda og snacks til utslitte deltakarar. Og mens komiteen jobbar med å rette svara kan deltakarane fylle opp energilagera og kikke på premiebordet.

 

Spenninga steig når oppgavene vart gjennomgått og resultata publisert. Og det vart etterkvart ganske folksomt på premiepallen da det viste seg at Aksessalliansen og B-laget delte 3. plassen med 37 poeng. Like foran med 38 poeng kom Lag X, og heilt på toppen med imponerande 40 av 42 poeng kom Team Top Floor, og dei kunne dermed forsyne seg først fra premiebordet. Under ser vi alle resultata, som da også danna grunnlaget for samandraget i Telenor Games.




Arrangørkomiteen mottok ein velfortent takk og blomsterbukett fra Telesport som takk for eit flott arrangement og ein fantastisk jobb i forkant og under arrangementet. Stor takk til Beate, Asbjørn, og Sverre!

Når det blir ny rebusvandring er ikkje bestemt, men vi håper det blir også neste år! Som annonsert tidlegare er det opent for fleire personar i komiteen, så kan du tenke deg å vere med på å tenke ut oppgaver til neste år så er det berre å gi beskjed til styret eller ein av dei i komiteen. Og ser det gøy ut å delta, så er det berre å sette av datoen så snart den blir annonsert og melde seg på!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.