Bryggen i Bergen på Strava i ny Telenor Games konkurranse

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 18. Jun 2023

Kl 16:15 mandag 6. juni fekk alle laga i Telenor Games utdelt dette bildet av Bryggen og oppgava var å gjenskape dette i bildet i Strava ved å gå (eller jogge) ei løype på 5 km. Resultatet måtte vere levert innan 90 minutt.  Å gjenskape dette i Strava viste seg å bli ei stor utfordring for dei fleste laga, og nokre lag streva også både med klokka og km-telling...


Juryen var nøye utvalgt og satt saman med nøytrale representantar fra heile landet. Juryen bestod av regiondirektør for Telenor i Bergen Ørjan Hammersland, TIF styremedlem og Strava-ekspert fra Trondheim Sol Hagen og TIF-leiar Torbjørn Bekkelien fra Gjøvik. Jurymedlemmane har avgitt sine stemmer uavhengig av kvarandre og utan å vite noko om kva lag som stod bak dei ulike bilda.

Under finn du kartbilda fra alle laga. Om ein ikkje kjente til oppgava og skulle gjette på kva bildet forestilte er det ikkje sikkert alle hadde gjetta på Bryggen umiddelbart, men med kort tid tilgjengeleg og vanskeleg vegnett er det slett ikkje verst resultat. Og innsatsen var formidabel!


Aksessalliansen

 TelenorKAMeratene Lag X
 B-laget Signalling Storm
Telesnuppene
Team Top Floor

 Volumgjengen klarte dessverre ikkje å stille lag denne dagen, og har derfor ikkje levert.

Juryen si vurdering var ganske samstemt på kva som var dei beste resultata. Team Top Floor og Telesnuppene fekk 7 eller 8 poeng fra alle jurymedlemmane. Nedover på lista er det jamnare, men Lag X er ganske klar nr 3 og nederst er det liten tvil om at det var Signalling Storm som var minst likt i juryen.

Men det viste seg at dei andre kriteria, tid og distanse, slo ganske dramatisk ut for dei to topplaga etter jury-stemmene, så resultata over blir kraftig justert når alle faktorane tell med. Team Top Floor trudde oppgava skulle leverast klokka 18:00, og endte da opp med 14 minuspoeng pga innlevering kl 17:59. Også Telesnuppene leverte nokre minutt over tida. Dei fleste laga leverte ei løype på nøyaktig 5 km, men alle dei tre beste laga fra jurystemmene pådrog seg faktisk minuspoeng ved å avvike fra 5 km. Team Top Floor leverte 4.69 km, Telesnuppene gav seg ikkje før dei var oppe i 5.37 km, mens Lag X gjekk på ein kjempesmell med 2.82 km og 21 minuspoeng!

Dermed vart det ein veldig jamn konkurranse der Aksessalliansen klatra heilt til topps og er dermed historias første Telenor Games mester i Strava Art! Telesnuppene beholdt 2. plassen og var berre 1 poeng bak Aksessalliansen. Like bak kom B-laget og TelenorKAMeratene på delt 3. plass.

Eit par av laga fekk ikkje full utelling på deltakarpoenga, men det endra ikkje på rekkefølgen, og dermed har vi denne totalscoren på denne øvelsen:

(Reglane for konkurransen finn ein her)

Etter den 4. runden i denne sesongen av Telenor Games har det blitt enda jamnare, og spenningar er fortsatt stor fram mot finalen 25. august.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.