Ny øvelse i Telenor Games

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 15. Mai 2023

No er det straks klart for ein heilt ny øvelse i Telenor Games. Denne gangen skal vi prøve oss på ein variant av "Strava Figure running". (Google dette for å få ein ide om kva det dreier seg om).

Konkurransen blir mandag 5. juni kl 16.

Sidan dette er ein heilt ny øvelse vil det bli spennande å sjå korleis poengreglar og rangering slår ut, men vi trur at dette uansett blir ein gøy opplevelse og noko laget kan vere saman om å løyse.

Konkurransen går ut på at laga møter opp på Telenor Kokstad og får utdelt eit bilde. Så skal ein i løpet av konkurransetida på 90 min planlegge ein gå/løpe-tur som skal loggast i treningsappen Strava og resultere i eit bilde på kartet som er mest muleg likt det utdelte bildet.

F.eks. kunne ein fått udelt eit bilde av ein hai som dette:

Det innleverte resultatet kunne da f.eks. blitt noko slikt:

Eg vil tippe at resultata vil ha ganske variabel kunstnerisk kvalitet for oss som er nybegynnarar på dette og i tillegg vil ha kort tid på oss til å planlegge og gjennomføre. Det vil i tillegg vere eit krav at løypa skal vere ca 5 km lang.

Ein jury vil rangere kartbilda etter kor bra dei besvarer oppgava (figur som er lik bildet). Det vil vere ei subjektiv bedømming fra kvar person i juryen. Sidan vi er 8 lag i årets sesong vil kvar person i juryen gi poeng fra 1-8. Med 3 personar i juryen kan det beste laget dermed oppnå 24 poeng.

I tillegg skal løypa altså vere 5 km lang. Avvik fra dette gir 1 minuspoeng pr 100 meter avvik (med avrunding nedover slik at 4900-5100 meter gir null minus. 4800-4899 eller 5100-5199 gir 1 minus osv. I tillegg blir det poengstraff om innleveringa skjer for seint. Her blir det 1 minuspoeng pr påbegynt minutt etter fristen.

Av andre reglar ønsker vi at alle på laget må gjennomføre løypa og gjennomføringa skal skje på beina. Bruk av sykkel, bil osv er altså ikkje tillatt, men ein velger sjølv kvar løypa skal starte og slutte. Og alle må sjølvsagt tenke trafikksikkerheit. Hugs at vi har 4-felts vegar nær Telenor som ikkje kan kryssast.

Av forberedelsar må ein altså sørge for at minst ein på laget har Strava installert på ein telefon.

Etter runden med curling har det jamna seg litt ut i samandraget i Telenor Games, og spenninga er fortsatt stor. Det er fortsatt fleire øvelsar igjen og vi siktar oss no inn mot finale fredag 25. august. Så sett gjerne av den datoen alt no!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.