Til topps i Ti På Topp Vinter

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 9. Mai 2023

Telesport Bergen gjekk heilt til topps i bedriftskonkurransen i Ti På Topp Vinter. Vi er øverst på lista både i snittpoeng pr deltakar og i totalpong. Det er ikkje verst i konkurranse med sterke konkurrentar som DNB, BIR og Helse Bergen! Stor takk til alle som deltok for Telesport!


Onsdag 10. mai kl 12 blir det trekning av internpremiar blant alle fra Telesport som deltok. Kvart poeng ein har samla gir eit lodd. Det betyr at det blir 499 lodd i trekninga. Topp tre hos oss var Åshild, Anne Elisabeth og Beate. Særleg har Åshild gjort ein fantastisk innsats med meir enn dobbelts så mange poeng som nr to på lista vår. Og Åshild er også nr to blant alle deltakarane i Bergen! Onsdag blir det altså trekning av premiar, og med 187 lodd  i potten burde Åshild sine sjansar vere gode... Men vi trekker fleire premiar, så alle vil ha gode vinnarsjansar. Møt opp utanfor kantina på Kokstad kl 12, så får du med deg den spennande trekninga på direkten.

Alle med minst 15 poeng er også med i trekning av hodelykter fra Vestland Bedriftsidrettskrets.

Det er slutt på vinter og mørke kveldar. No er det lyst til nesten midnatt og ordinær Ti på Topp starta 1. mai. Det er alt 33 fra Telesport som er i gang i Bergen og 8 har meldt seg på i Askøy/Øygarden. Er du ikkje påmeldt enda, så er det ikkje for seint. Sjekk korleis du kjem i gang her: https://telenor-il-bergen.idrettenonline.no/next/blog/post/218465/ti-pa-topp-2023?ispage=true



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.