Ti på Topp 2023

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 27. Apr 2023

1. mai er like om hjørnet, og med det ein ny sesong av Ti på Topp! Telesport tilbyr gratis deltaking i Ti på Topp til alle våre medlemmar. Vi håper dette vil gi mange inspirasjon til å kome deg ut på tur. Du får tilgang til kart og vegbeskrivelsar til turmål, og det er ein fin måte å bli kjent med nye turar på. Også ein mulegheit til å gjere noko saman med kollegaer, og ikkje minst ein fin måte å få litt variert trening på.

Eit av dei høgste turmåla i år er Austefjellet

 

I år som i fjor kan du i tillegg til dei fine opplevelsane og trim få med deg nokre premiar. Bedriftsidrettskretsen deler ut ein del premiar, bl.a til alle som besøker ti forskjellige turmål. Vier også med i konkurransen mot andre bedrifter. I tillegg vil vi som ein ekstra motivasjon dele ut nokre internpremiar i Telesport, både til dei ivrigaste og til dei heldigaste. 

Ein av turane i år er Stoltzen, så kombinasjonen av trening til Stoltzekleiven opp og Ti på Topp blir vinn-vinn. Hugs også påmeldinga til Stoltzen.


Korleis kjem du i gang?

Det enklaste er å bruke Ti på Topp appen. Om du ikkje har installert den alt, så begynner du med dette.

I påmeldingsprosessen vil du ha behov for betalingskoden. Den vart sendt på epost til alle medlemmar 27. april ca kl 18:00 fra Telesport Bergen. Mangler du koden, ta kontakt med nokon i styret i Telesport.

I appen går du til menyvalget "Finn en konkurranse" og velger "Bli med" på aktuell konkurranse.

Pass på å velge "Bedrift" som type deltakelse, og "Telesport Bergen" som bedrift.

Når du kjem til "Velg pris"  bruker du rabattkoden som gir deg gratis deltaking.

Og så er du i gang. Merk at det er ulik kode for Bergen og Askøy & Øygarden.

Du finn meir info her:

Ti på Topp Bergen

Ti på Topp Askøy & Øygarden

Det kan også vere lurt å følge Ti på Topp på Instagram og Facebook. Der blir også turmåla annonsert fram mot 1. mai.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.