Bestilling av Telenorprofilert tøy med 65% rabatt

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 30. Mar 2023

I påska opnar Webshopen for bestilling av Telenor-profilert tøy, dvs TrimTex treningstøy med Telenor logo og fargar.

Det har tidlegare blitt antyda at rabattordningane kunne bli endra i år, og no har vi fått dei nye reglane fra TIF. Det er slutt på dei individuelle rabattkodane. I staden får vi ein generell rabatt på 30% fra Trimtex i vår webshop. I tillegg får medlemmane ein rabattkode som gir 50% rabatt ved utsjekk (dvs eit beløp som blir dekka av TIF/Telesport). Om ein kjøper eit plagg med ordinær pris kr 1000,- blir altså prisen ein må betale kr 350,-. Det betyr at her kan ein spare store beløp ved å utnytte denne medlemsfordelen.

I år er det også nytt design så kanskje ein grunn til å kikke ekstra etter om det er noko ein har behov for (eller lyst på). Sjå eksempel under. Underdelane er nokså nøytrale i svart og passer til det meste.


Alle medlemmar vil få tilsendt informasjon og rabattkode når bestillingsvinduet opnar. Mest sannsynleg fra 3. april. Bestillingsfristen er søndag 23. april. Det er ikkje muleg å bestille etter dette. Bestill helst i god tid. Da har du mulegheit til å få hjelp i tilfelle du får problemer med innlogging e.l.

Informasjon om innlogging i webshop og rabattkode for medlemmar av Telesport Bergen vart sendt på epost tirsdag 4.4. kl 23:35. Epost avsender var "Telesport Bergen <ikke-svar@email.idrettenonline.no>". Emnefeltet var "Rabattkode fra Telesport Bergen til Trimtex Webshop". Dersom du ikkje har mottatt epost eller har andre problemer kan du kontakte Helge Ytre-Hauge.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.