Prøvekolleksjon fra Trimtex på Kokstad

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 20. Mar 2023

Om ikkje lenge opnar webshopen for bestilling av treningstøy med Telenorprofil. Det vil vere ein del oppdateringar på Telenortøyet i år som kanskje gjer det ekstra attraktivt å bestille nytt tøy. No har du mulegheit til å prøve  tøyet i ro og mak på Kokstad slik at du får riktig størrelse og også får kjent på kvaliteten og utforminga på dei ulike modellane. Merk at prøvekolleksjonen ikkje har Telenor-fargar og logo.

Fram til påske kan du sjå på og prøve treningstøy fra Trimtex. Du finn tøyet ved printerane i Fløy 1, 4. etg. Vi ber om at du behandler det pent ved prøving. Det er ikkje meint til brukstesting og vi må levere det tilbake uten skader og flekkar.


 Under ser du også ei detaljert liste med alle modellane som er tilgjengeleg for prøving.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.