Fantastisk innsats i Stoltzen 2022

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 12. Mar 2023

Denne glade og stolte gjengen vart avbilda på toppen av Stoltzen 1.10.2022. Saman med over 4000 andre deltakarar gjennomførte vi den 43. utgava av Stoltzekleiven opp. Det var bratt, men alle kom seg opp i fin stil og gjorde seg fortent til den eksklusive Stoltze-T-skjorta.

Dei fleste har vore med før og visste kva dei gjekk til. Beate har flest startar og gjennomførte for 14 gang og vart også nr 4 i si klasse noko som er eit fantastisk resultat. Men heile 6 stykker var med for første gang, blant anna gjestar frå Trondheim og Oslo, og til tross for at dei fleste rapporterte at dei aldri oppdaga dei «flate» partia, kom alle seg opp i god stil. Ein av debutantane frå Oslo var Jørgen, og han vart raskast av alle fra Telenor i år med tida 11:33, noko som er den 4. beste tida gjennom tidene blant Telenor-ansatte. Det er sterkt av ein debutant! Neste år blir det kanskje forsøk på å ta rekorden. Ein som klinka til med ny rekord var vår CTO som også tok turen frå Oslo og satte ny Telenor-CTO-rekord i sitt første møte med Stoltzen. Frode og Ingeborg rykker dermed eit hakk nedover på CTO all-star-lista.

Men vel så viktig som idrettsprestasjonar og resultat er det sosiale og meistringa som alle kan oppleve i Stoltzen. Sjølv om nokre brukar meir enn dobbelt så lang tid som andre blir vi likevel samla i mål til lagbilde i løpet av kort tid. Og det korte løpet gjer at alle raskt hentar seg inn og er klare til tradisjonelt After-Stoltz i Sandviken der vi får servert rikeleg med mat og drikke. Og der har alle like store sjansar til å vinne premiane vi trekker ut blant deltakarane. Etter at 100% av Trondheims-deltakarane (Jon og Terje) vant premiar har det blitt stilt spørsmål om vi bør ha restriksjonar retta mot Trondheimsdeltakarar, men inntil vidare ønsker vi også Trondheim velkommen tilbake i Stoltzen neste år😊. Og det å møte kollegaer på tvers av lokasjonar og avdelingar er ein fantastisk side-effekt av slike arrangement. Vi i Telesport Bergen håper enda fleire blir med sine lokale idrettslag og tar turen til Stoltzen neste år. Vi håper også at vi får med enda fleire av dei som ikkje ønsker å ta konkurransen så høgtidleg, eller som føler at forma ikkje er heilt som for 10 eller 20 år sidan, men som likevel stiller opp og konkurrer mot seg sjølv, og ikkje minst dei som bidrar til den gode stemninga på After-Stoltz og After-After-Stoltz. For Stoltzen er ikkje ferdig når vi går i mål. Den gode stemninga fra toppen varer heile dagen. Etter offisielt After-Stoltz som Varegg arrangerer for oss i Sandviken bydelshus,  er det også tradisjon med After-After-Stoltz for Telenor i bydelspuben Dr Wiesner. På laurdag fortsatte også ein del til After-After-After-Stoltz i Bergen sentrum.

30. september 2023 er vi nok klare igjen så sett eit kryss i kalenderen!


På Stoltzen sine sider finn ein også alle dei offisielle bilda og resultat.

Våre deltakarar ligg her: http://www.stoltzen.no/bilder/2022/klubb/telenortelesportbergen.html

Resultata våre finn du her: http://stoltzen.no/resultater/2022/resklubb_336.html



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.