Stoltzen og After-Stoltz 1. oktober 2022

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 2. Jun 2022


Blir du med på årets største arrangement for Telesport? Vi reknar med å samle opp mot 50 Telenor-kollegaer til motbakkeløpet i Stoltzen og After-Stoltz!

Påmelding og tildeling av plassar skjer internt i Telesport på denne linken: Stoltzekleiven Opp med Telesport


Klikk deg inn og registrer deg så snart som muleg, så er du sikra plass. Starttidspunktet vårt blir ca kl 11-12, laurdag 1. oktober. Hugs å markere i kalenderen din så ikkje du gløymer det når andre ting dukker opp. 

Etter løpet samlast vi til "After-Stoltz" i eit lokale ikkje langt unna. Der sørger arrangøren Varegg for at vi får servert varm mat og kald drikke. I tillegg blir det trekning av premiar blant Telesport-deltakarane og kanskje ein filmsnutt med glimt fra løpet.

For deg som ikkje har deltatt før så er Stoltzen ein kjempeopplevelse du bør få med deg. Telenor og Telesport har hatt dette som eit av dei viktigaste arrangementa dei siste åra. Normalt har vi stilt 40-50 fra Telenor. Nokre år også med deltakarar fra andre lokasjonar. Totalt har vi vore meir enn 130 deltakarar dei siste åra. Nokre går veldig fort, ned mot 10-11 minutt, mens andre har brukt over 40 minutt. Dei fleste ein plass i mellom, og det varierer naturleg nok fra år til år. Uansett er det ein kort tur som alle kan klare. Det er tungt og bratt og kan vere litt vondt mens det står på, men det går veldig fort over og blir ikkje sittande i kroppen slik som lenger løp kan gjere. Derfor er det for dei fleste ein super opplevelse å tenke tilbake på, og som regel er godfølelsen der etter kort tid når vi samlast til After-Stoltz. Samtidig er det for mange ein fin motivasjon for trening gjennom sommaren og hausten, og eit fint sosialt samlingspunkt både på løpsdagen og fellestreningar i forkant.

Torsdag 9. juni har Telesport stand i gata på Kokstad. Der kan du også melde deg på Stoltzen, snakke med styret eller få svar på alt du lurer på om Stoltzen. Vår mangeårige primus motor for Stoltzen-arrangementa Bjørg Fagnastøl, blir også der. Så treng du litt ektra overtaling eller inspirasjon er det berre å stikke innom.

Sjekk også http://stoltzen.no/ for meir generell info om arrangementet.


Slik såg vi ut på toppen siste gang det ikkje var pandemi

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.