Skarverennet 2023

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 23. Okt 2022

Har du lyst å bli med på Skarverennet 22. april 2023 (2 veker etter påske, 1 veke før Bergen City Marathon)? Da har du sjansen til å bli med ein Telesport-gjeng på eit felles opplegg. Opplegget vil bli tog til Finse fredag 21.4. Overnatting på Finsehytta (DNT) med middag fredag og laurdag kveld. Skarverennet på ski fra Finse til Ustaoset laurdag. Tog tilbake til Finse laurdag (inkludert i sjølve rennet). Og tog fra Finse søndag. Med andre ord ei herleg sosial helg i høgfjellet med ei fin fysisk utfordring. 

Sjølve skirennet er 37 km, og det høyres kanskje langt ut for ein gjennomsnittleg vestlending, men det er overkommeleg for dei fleste som trives med ski på beina. Vi startar på 1222 moh, så etter den første oppoverbakken fra Finse, er store deler av løypa nedover og lett terreng mot Ustaoset på ca 1000 moh. Les om Skarverennet her.

I fjor var det ein gjeng på 6 som hadde ein strålande tur (og i tillegg nokre som deltok utan overnatting på Finse). Medlemmar får refundert startkontingent og reiseutgifter iht vanleg reglement. I fjor søkte vi også Telesport om å få dekka 500 kr av overnattingsutgifter, noko som vart innvilga med bakgrunn i at strategien til Telesport er å bidra til inititativ som i særleg grad støtter opp om formålet om å kombinere idrett og sosiale opplevelsar for medlemmane. Dersom vi klarer å samle ein gjeng vil vi søke om det samme denne gangen slik at terskelen for å bli med blir litt lavare.

Dei som ønsker å delta må melde si interesse til helge.ytre-hauge@telenor.no så snart som muleg. Det er litt komplisert logistikk med påmelding, reise og overnatting. Sjølve påmeldinga til Skarverennet har opna, og normalt må ein vere tidleg ute for å sikre seg plass, men når det gjeld dei som overnatter på Finse frå fredag til laurdag er ikkje flaskehalsen å få startnummer, men overnatting som må bestillast separat. 

Overnatting på Finsehytta kan bli ein flaskehals, og det er muleg vi er litt seint ute, men vi kan i alle fall gjere eit forsøk.  Vi bør bestille dette så snart som muleg, og vi kan ikkje garantere plass. Så meld deg så snart som muleg. Vi prøver nok å gjere dei første bestillingane så snart vi har nok interesserte, men så lenge det er plass vil vi forsøke å legge til bestillingar også etter dette.

Benytt denne sjansen til ein opplevelse du ikkje vil angre på!




1 Kommentar

Kommentarer

  • Geir Trefall

    Det er en fantastisk oppleving som jeg anbefaler alle Telenor kollegaer til å forsøke om en tidligere ikke har deltatt:-) Det blir deltakelse til neste år og:-)

    23 oktober 2022

Logg inn for å skrive en kommentar.