Rebusløp i Bergen Sentrum med Telesport og Telenor Games

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 16. Aug 2022

Fredag 26. august fra kl 17:30 er det klart for rebusløp i Bergen sentrum med Telesport. Rebusløp er eit arrangement som har lange tradisjonar, men som har hatt ein pause dei siste åra bl.a. pga pandemien. Arrangementskomiteen består av Sverre Berg, Beate Rikstad og Asbjørn Handegard - ein erfaren gjeng som har stått bak dette arrangmentet mange ganger. Rebusløpet er for alle medlemmer i Telesport (om du ikkje er medlem kan vi ordne det på 5 minutt). I tillegg til sjølve rebusløpet er dette også ein øvelse i Telenor Games.


Rebusløpet begynner kl 17:30 ved den Blå Steinen på Kong Olav Vs Plass. Fra ca kl 20 forventar vi at laga kjem til målområdet. Der vil vi ha eit eige lokale der det blir premieutdeling i Rebusløpet og i Telenor Games. I tillegg spanderer vi pizza på alle deltakarane. Det blir også tilgang på kald drikke til "innkjøpspris".

For dei som er ukjent med Telesport Rebusløp, så er det ein lagkonkurranse der deltakarane blir satt saman i lag og får eit sett med rebusoppgaver. For kvar oppgave skal ein typisk finne fram til ein plass eller adresse i Bergen (innanfor eit nærmare definert kartområde) ved å løyse rebusen.  I tillegg er det eit spørsmål som ein vanlegvis ikkje finn svar på utan å gå til den aktuelle plassen. I tillegg til kreative evner for å løyse oppgavene, må laget også legge opp ein strategi for å løyse flest muleg oppgaver og bevege seg til alle plassane innanfor tidsramma. Og helst må ein kunne finne fram på eit kart. Kanskje dukker det også opp andre typer oppgaver... Det veit berre komitèen. Uansett er dette noko som passer for alle og det er ingen krav til fysisk form!

Her er eit eksempel på ei rebus-oppgave:


Fasiten på denne oppgava er: Stad: Olav Vs Plass. Oppgavesvar: Blå .  Sannsynlegvis er dette for mange blant dei enklare oppgavene der også mange ville kunne gjette svaret utan å oppsøke plassen...

Hugs påmelding for Rebusløpet HER (link). Siste frist for påmelding er mandag 22. august.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.