Finale i Telenor Games 26. august

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 26. Jun 2022

Fredag 26. august fra kl 17:30 er det klart for den store finalen i Telenor Games sesongen 2021-22. Meld deg på under og sett av tida i kalendaren!

Den siste øvelsen i denne sesongen blir "Rebusløp" - eit tradisjonsrikt arrangement som har blitt arrangert av Telesport også før Telenor Games. Arrangementskomiteen består av Sverre Berg, Beate Rikstad og Asbjørn Handegard - ein erfaren gjeng som har stått bak dette arrangmentet mange ganger. Merk at Rebusløpet også er opent for deltakarar som ikkje er med i Telenor Games, men det vil bli ei eiga rangering for Telenor Games-laga. Oppfordre gjerne dine kollegaer som ikkje deltar i Telenor Games til å bli med på dette arrangementet.

Rebusløpet begynner kl 17:30 ved den Blå Steinen på Kong Olav Vs Plass. Fra ca kl 20 forventar vi at laga kjem til målområdet. Der vil vi ha eit eige lokale der det blir premieutdeling i Rebusløpet og i Telenor Games. I tillegg spanderer vi pizza på alle deltakarane. Det blir også tilgang på kald drikke til "innkjøpspris".

For dei som er ukjent med Telesport Rebusløp, så er det ein lagkonkurranse der deltakarane blir satt saman i lag og får eit sett med rebusoppgaver. For kvar oppgave skal ein typisk finne fram til ein plass eller adresse i Bergen (innanfor eit nærmare definert kartområde) ved å løyse rebusen.  I tillegg er det eit spørsmål som ein vanlegvis ikkje finn svar på utan å gå til den aktuelle plassen. I tillegg til kreative evner for å løyse oppgavene, må laget også legge opp ein strategi for å løyse flest muleg oppgaver og bevege seg til alle plassane innanfor tidsramma. Og helst må ein kunne finne fram på eit kart. Kanskje dukker det også opp andre typer oppgaver... Det veit berre komitèen.

Her er eit eksempel på ei rebus-oppgave:


Fasiten på denne oppgava er: Stad: Olav Vs Plass. Oppgavesvar: Blå . (svara står her med kvit tekst og dukkar opp om du merkar teksten)

Sannsynlegvis er dette for mange blant dei enklare oppgavene der også mange ville kunne gjette svaret utan å oppsøke plassen...

Merk at det er ei eiga påmelding for Rebusløpet HER (link).

Merk også at det er muleg å ha med reservar i denne konkurransen. Det er derfor ikkje den vanlege begrensinga på 4 deltakar (men ein får fortsatt deltakarpoeng for inntil 4 pr lag).

Før finalen er samanlagtstillinga etter 5 konkurransar slik:

Som vi ser har B-laget eit lite forsprang til resten, men ein margin på 10 poeng er på ingen måte sikker når det blir kjempa om 20 poeng i siste runde. Fra 2 til 4 plass er det veldig tett, og også laga bak der har mulegheiter på pallplassering. Hugs også at alle er med i premietrekninga, så det er ikkje berre pallplassane som gir premiar. Og viktigare enn premiar er sjølvsagt deltakinga og det sosiale i eige lag og saman med dei andre laga. Det vil også stå i sentrum når vi møtes til denne avslutninga.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.