Telesport stand på Kokstad

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 11. Jun 2022


Hugo, Randi og Svein-Magne på stand for Telesport-styret

 

Torsdag 9. juni hadde Telesport stand på Kokstad utanfor kantina. Mange Telenor-ansatte var innom i løpet av dagen. Styret svarte på spørsmål om bedriftsidrettslaget og det vart vist fram ein del av tøyet medlemmane får støtte til å bestille. Mange vart oppdatert på medlemsfordelane, og fleire meldte seg inn som medlemmar i løpet av dagen. Med det nye Vipps-oppsettet for Telesport er det også veldig enkelt å både melde seg inn og betale kontingent. Vipps, så var det gjort, opplevde fleire på torsdag. I tillegg til informasjon vart det også delt ut drops og sjokolade sponsa av Telenor Fixed and TV ved Jan Bøhm Nilssen. Og alle som var innom hadde mulegheita til å vere med i trekning av eit par premiar.

Bjørg Fagnastøl (t.h.) og Randi Stang Volden trekte ut to vinnarar blant alle som hadde besøkt standen i løpet av dagen.

 

La du igjen namnet ditt på ein lapp i pokalen var du med i trekninga av to eksklusive premiar. Ei Telenor-lue laga ifm 25-års-jubileet til TIF, Telenor IdrettsForening, som er paraplyorganisasjonn for alle bedritsidrettslaga i Telenor. I tillegg kunne ein vinne ein Stoltze-handuk, eit offisielt produkt fra Stoltzekleiven Opp som vi har fått ifm med vår faste deltaking i Stoltzen. Og Stoltzen var eit populært tema på standen torsdag. Påmelding til årets løp som går 1. oktober er begynt og fleire benytta sjansen til å melde seg på torsdag. Vi har fortsatt bra med plassar, men det begynner å bli på tide å melde seg på. Vi kjem til å invitere deltakarar fra andre Telenor-lokasjonar og da blir det raskt kamp om dei siste plassane.

Bjørg Fagnastøl og Randi Stang Volden sørga for rettferdig trekning, og trekte ut to vinnarar blant alle som hadde besøkt standen i løpet av dagen. Arne Johan Sunde og Christian Stiegler vart dei heldige vinnarane



 Arne Johan Sunde (t.v.) og Christian Stiegler vart dei heldige vinnarane som vart trekt ut mellom dei som hadde vore innom standen.

 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.