Ti på Topp 2022

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 27. Apr 2022

Også i 2022 vil Telesport tilby gratis deltaking i Ti på Topp til alle våre medlemmar. 1. mai startar Ti-på-Topp-sesongen, og vi tilbyr i år deltaking i Bergen, Askøy og Øygarden. Sesongen varer heilt til 31. oktober. Ti på Topp gir deg inspirasjon til å kome deg ut på tur. Du får tilgang til kart og vegbeskrivelsar til turmål - ein fin måte å bli kjent med nye turar på. Også ein mulegheit til å gjere noko saman med kollegaer, og ikkje minst ein fin måte å få litt variert trening på.

I år som i fjor kan du i tillegg til dei fine opplevelsane og trim få med deg nokre premiar. Bedriftsidrettskretsen deler ut ein premie til alle som besøker ti forskjellige turmål. I tillegg blir det trekning av årets turgåer som får ein ekstra premie. For dei verkeleg ivrige er det også muleg å konkurrere om årets superturgåer. Og vi kan konkurrere mot andre bedrifter. I fjor vart vi årets turbedrift i både Bjørnafjorden og Askøy & Øygarden. I tillegg vil vi som ein ekstra motivasjon dele ut nokre internpremiar i Telesport, både til dei ivrigaste og til dei heldigaste. Merk at i år er det ikkje planer om at Ti på Topp er ein del av Telenor Games, men vi håper mange likevel deltar og ta gjerne initiativ til nokre fellesturar sjølv om det ikkje er ein lagkonkurranse. Det er ekstra gøy og trygt å gå saman! Ein av toppane i år er ved Stoltzen, så kombinasjonen av trening til årets happening for mange, Stoltzekleiven opp 1. oktober, og Ti på Topp blir vinn-vinn.


 Korleis kjem du i gang?

  1. Finn fram påmeldingskoden. Den vart sendt på epost til alle ordinære medlemmar 27. april kl 17:53 fra Helge Ytre-Hauge. Mangler du koden, ta kontakt med nokon i styret i Telesport.
  2. Gå til Ti-på-topp for Bergen: http://bergen.tipåtopp.no/pamelding. Eller for Askøy & Øygarden: http://askoyogoygarden.tipåtopp.no/pamelding. Du kan også finne konkurransane og registrere deg i appen.
  3. Velg Bedriftsklasse
  4. Velg Meld deg på eksisterende bedrift
  5. Velg "Telesport Bergen"
  6. Fyll ut telefon og epost (dersom du ikkje har deltatt før må du fylle inn nokre opplysningar for å registrere deg)
  7. Klikk deg vidare til du kjem til Betaling: Velg «Alternativ 1 PÅMELDINGSKODE». Skriv inn koden du har mottatt på epost. Merk at det er ulik kode for Bergen og Askøy & Øygarden.

Da skal registreringa vere ferdig og du kan begynne å sanke poeng (fra 1. mai). Du bør også laste ned appen for enkel registrering av turar. Det er også den enklaste måten å finne fram til turmåla på.

Ellers finn du info om Ti på Topp på Instagram og Facebook.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.