Bli med Telesport på Bergen bedriftsfestival

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 4. Apr 2022

Har du lyst å vere ein del av årets store bedriftsidretts-happening? Fredag - søndag 10-12. juni blir Bergen bedriftsidrettsfestival arrangert. Det er ein unik mulegheit til å prøve seg på lavterskel konkurranser eller kurs i idrettar du kanskje ikkje har prøvd på lenge eller som Telesport ikkje har aktivitet i.

Klarer du å samle 7 stk til eit fotball-lag? Eller kanskje 6 stk til kanonball eller volleyball? Eller 5 stk til ein stafett? Eller kva med 4 til innebandy? Eller 3 stk til eit bowling-lag? Eller 2 stk til eit Padeltennislag? Eller kanskje klatring, squash eller orientering utan å vere avhengig av nokon - og til og med få eit nybegynnarkurs før konkurransen?

Som du ser av oversikten under er der mange mulegheiter. Telesport vil dekke påmeldingsgebyra i bedriftsfestivalen, også i idrettar der vi ikkje har aktive grupper. Så her er det ingen grunn til å nøle - få med deg nokon i avdelinga eller finn ein annan medlem som vil vere med. Bruk gjerne våre grupper på Workplace eller Facebook for å få med deg nokon. Eller heng deg på eit lag som treng ein ekstra person. Er du ikkje medlem enda, men har lyst å delta, ordner du lett eit medlemskap (det koster kun 250 kr, du får gratis påmelding og mange andre fordelar, og du forpliktar deg ikkje til noko vidare medlemesskap).

Påmeldingsskjema varierer litt. Styret kan bidra med påmelding for å forenkle fakturering (særleg for lagidrettane er dette praktisk), men alle lag må ha ein kontaktperson/lagleiar. Påmeldingsfrist er satt til 30. april. Alt du treng å finne ut av er altså kva du har lyst til å delta på, kven du vil delta saman med og kven som er kontaktperson for laget. Hugs også å sjekke at du er ledig den helga (og ikkje skal på Bømlo-cup, Voss-cup, Ålesund Musikkfestival Oslo Oriental Dance Festival eller andre konkurrerande arrangement). Kontakt gjerne helge.ytre-hauge@telenor.no om du har spørsmål eller ønsker å melde deg på.

Alle medlemmer som deltar på festivalen vil også kunne få refundert 50% av prisen på den store cupfesten laurdag 12. juni. Det blir det premieutdeling, grillfest, musikk m.m. på Quality Edvard Grieg. Hugs at her må du sjølv kjøpe billettar.


Les meir om arrangementet her: https://www.bergenbedriftsfestival.no/p/63805/hjem


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.