Telesport Hederstegntildeling i 2021

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 13. Mar 2022

Telesport har tradisjon for å tildele hederstegn til medlemmar som gjer ein ekstra stor innsats for laget.

Det er Hederstegnkomiteen som beslutter tildeling etter behandling i styret, men alle medlemmer kan kome med forslag. Dei seinare åra har dei fleste tildelingar skjedd i forbindelse med jubileumsfestar og dette skjedde også i 2021 da det vart tidelt hederstegn både i bronse, sølv og gull. Gratulerer til alle som vart tildelt hederstegn og ein stor takk for innsatsen for Telesport!

Trond Sigurd Ellefsen og Bjørg Fagnastøl mottok Hederstegn III i gull. Før denne tildelinga var det kun 5 noverande medlemmar som har nådd dette nivået, så dette er ei utmerking som heng høgt.

Trond Sigurd Ellefsen og Bjørg Fagnastøl, Tidelt hederstegn III i gull Trond har bl.a. vore styremedlem/sekretær fra 2005 til 2021, i tilegg leiar i friidretsgruppa og aktiv i konkurransar for Telesport. Bjørg er blant våre mest aktive medlemmar, både i trening og konkurranse. Ho har i tillegg vore ein pådrivar og organsiator for Stoltzen-deltakinga til Telesport. Og ikkje minst har ho vore leiar i valkomiteen i mange år, både for Telesport og TIF, og sørga for god rekruttinging til styre og komitear.

 Sverre Berg, Erik Christensen og Bente Husa. Tildelt hederstegn II i sølv.

Tre medlemmar vart også tildelt hederstegn II i sølv. Det kan maksimalt tildelast tre pr år, og det var mange gode kandiatar. Sverre har dei siste åra hatt fleire roller i Telesport styret, samt vore medlem i TIF styret. I tillegg har han vore ein av pådrivarane og initiativtakarane til Telenor Games. Erik var styremedlem/kasserar fram til 2018 og har etter det representert Telesport i kontrollkomiteen for Velferdssambandet. I tillegg er Erik også blant våre lengstløpande medlemmar med bl.a. fleire maratonløp. Bente er tildelt hedertegn for lang og trufast teneste som leiar i bowlinggruppa, i tillegg til aktiv bowling. Det er 15 år sidan Bente fekk hederstegn I i bronse, og ho mottok no eit velfortent hederstegn II.


Erling Hagen, Hugo Olsen, Ole Ressem, Ivan Sjåstad, Randi Volden, Helge Ytre-Hauge. Tildelt hederstegn I i bronse.

Gunhild Sælensminde. Tildelt hederstegn I i bronse.

 

For hederstegn I i bronse er det inga absolutt grense for kor mange som kan motta merket pr år og hederstegnkomiteen valgte å gi dette til heile 7 medlemmar i 2021. Hederstegna vart tildelt for innsats i styre, som gruppeleiarar og for aktiv deltaking og representasjon av Telesport i konkurransar over lang tid.


Vi har også oppdatert ein oversikt over alle som er tildelt Hederstegn i Telesport: Oversikt over Hederstegn i Telesport (pdf)

Totalt er det 60 medlemmar som er tildelt hederstegn i Telesport blant noverande og tidlegare medlemmar.

Reglande for nominering og tildeling av hederstegn finn du her: Regler for Hederstegn

Hugs at alle medlemmar kan nominere kandidatar til hederstegn. 

Ein stor takk til alle som står på for Telesport og bidrar til eit godt tilbod til medlemmane!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.