Telenor Games - Resultat etter halve sesongen

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 22. Jan 2022

Telenor Games-sesongen 2021/22 starta med "Ti-på-topp", Frisbee-golf og Go-kart. Det må vel kunne seiast å vere ganske varierte øvelsar, og vi ser også at det har blitt forskjellige lag på topp i alle øvelsane. I samandraget er det B-laget som har fått eit lite forsprang til dei andre, men ei leiing på 8 poeng er langt fra trygg. Sannsynlegvis blir det tre øvelsar til før sesongen blir avslutta fram mot sommaren, og det betyr 60 mulege poeng pr lag. Med andre ord kan alt skje. Og når vi ser at kun 6 poeng skiller dei neste 4 laga på lista tyder alt på at her blir det spenning til siste slutt. Dei laga som har hatt problemer med å stille fullt lag i alle konkurransar har hamna litt bak i samandraget, men eg trur alle kan skrive under på at deltakinga er gøy uansett.

Som tidlegare annonsert starter vårsesongen med Padel-tennis 8. februar. Dersom nokon synes det høyres gøy ut å vere med på Telenor Games er det eit lag med opne plassar. Ikkje nøl med å ta kontakt med Øyvind Spilde (oyvind.spilde@telenor.no) om du ønsker å bli med. Det blir garantert mykje gøy å bli med på utover året!


Under ser du resultata oppsummert så langt i sesongen.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.