Telenor Games - Ti-På-Topp Resultat

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 10. Jan 2022

Heile 41 deltakarar var registrert i Ti-På-Topp-konkurransen i Telenor Games 2021. Når vi trekker fra reservane og dei som aldri fekk registrert turar er vi nede i 31 tellande deltakarar, men begge deler er opp fra i fjor. Det har vore ein imponerande innsats. I fjor var det 4 lag som samla over 1000 poeng. I år er det heile 7 av laga som har meir enn 1000 poeng! Ser vi på alle Telesportarane er totalt 437 turmål besøkt, fleire enn 1000 turar og meir enn 5000 km er gått. Det er fantastisk imponerande!
I Telenor Games har heile 23 personar besøkt meir enn 10 ulike turmål og 13 har besøkt alle 18 turmåla i Bergen. I lagkonkurransen teller alle turar med, og det har vist seg at også dei som går få turar har samla viktige poeng for laga sine. Og aller viktigast er jo uansett det at vi kjem oss ut i frisk luft, får god mosjon og kanskje ein sosial tur i tillegg. Eg må likevel nemne Arild Lægreid fra B-laget og Anne Elisabeth Berge fra Telesnuppene som begge klarte å oppnå den maksimale individuelle poengsummen ved å ha besøkt alle turmåla og i tillegg gått minst 100 andre turar! Det skal bli vanskeleg å toppe det.

I lagkonkurransen var det denne gangen eit lag som utmerka seg. Telesnuppene var best på alt med unntak av Toppbonusen der dei måtte nøye seg med ein delt andreplass med Mobile Boys. Total samla Telesnuppene over 2500 poeng og endte nesten 700 poeng foran nummer 2. På plassane bak var det ganske tett konkurranse, og bildepoenga vart faktisk avgjerade for rekkefølgen her. Sverrr og Bermen tok likevel 2. plassen med god margin etter å ha samla totalt 1817 poeng. Ikkje minst har laget imponert med mange fellesturar og flotte bilder til inspirasjon for dei andre laga. Det var svært jamn kamp om 3-plassen, og det viste seg at den kampen gjekk i favør av B-laget etter nokre overraskande bildepoeng i siste liten. Laget fekk aldri publisert bilde fra fellestur denne sesongen, men det viste seg i oppsummeringa at ein på laget hadde lagt ut eit bilde ein fin vårdag og dermed sikra 200 poeng som var nok til å bykse 2 plassar oppover lista. Fjorårets vinnar Team Top Floor måtte dermed ta til takke med den sure 4-plassen. Til tross for jamn laginnsats glapp det litt både med bilder og ved at dei mangla dei heilt store poengsankarane. Derimot hadde laget tydeleg gått inn for å sikre seg Toppbonusen og var ganske klart foran dei andre laga når det gjaldt antall turarar til Hausdalshorga. Ein av dei (som har ønska å vere anonym) vart så ivrig utover hausten at han fekk legendestatus i Strava. Dermed stakk laget av med dei 100 toppbonuspoenga utan at det gjorde noko utlsag i totalsammendraget.


Oppsummerer vi poenga så blir det som i figurane under:








Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.