Frisbee-golf resultat

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 11. Des 2021

Frisbee-golf var andre øvelse i sesongen 2021-22, men den første som vart avslutta. Publisering av resultata har tatt litt tid, men her kjem ei oppsummering.

På grunn av covid-restriksjonane, og for å gjere det lett for laga å stille med nok deltakarar, vart konkurransen gjennomført over tid og på dagar som passa for det enkelte lag. Kvart lag fekk dermed også ansvaret for å gjennomføre konkurransen og rapportere resultata. Dette ser ut til å ha fungert bra, og 7 av laga har stilt med fulltallige lag.

Laga skulle gjennom 5 baner. Alle i utgangspunktet "par 3" baner, men for dei fleste av oss bortimot umuleg å kome ned på slike resultat. Med kun ein type disk tilgjengeleg fra Telesport har vi jo også ei god unnskyldning der. Likevel var det faktisk fleire spelarar som klarte seg med 3 kast på ei eller fleire av banene. Kun på bane 3 var det ingen som kom lavare enn 4 kast.

Ser vi på totalen brukte laga fra 88 til 129 kast på 5 baner for 4 spelarar. Best av alle var TelenorKAMeratane som klarte seg med 88 kast (4.4 pr spelar pr bane). 3 kast bak om B-laget. Så vart det utruleg tett mellom Volumgjengen, Team Top Floor og RANSgjengen med hhv 94, 94 og 95 kast. Individuelt imponerte Torgeir Lindmo fra Team Top Floor med 19 kast og Daniel Eidesund fra TelenorKAMeratene med 20 kast.


Sidan alle laga som stilte opp hadde fulltallige lag blir det ingen endring i rangeringa som følge av deltakarpoenga, men scoren som ein tar med seg vidare i samandraget blir da som i figuren under.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.